Nå kan du melde deg på Småkraftdagane

(21/12/2018) Småkraftdagane 2019 nærmar seg og nå opnar vi for registrering av deltakarar. Set av tre dagar i mars 2019 og ta turen til vakre Molde for å få fagleg påfyll og knyte nye kontaktar i småkraftmiljøet. Men ver rask for å få billig hotellrom.

Meld deg på her!

Måndag til onsdag, 11 – 13. mars inviterer NVE og Småkraftforeninga til bransjens viktigaste møteplass 2019. Lokasjonen er ny, nå reiser vi til Scandic Seilet hotell i Molde. Molde er ein koseleg by og hotellet ligg bare 7 km frå flyplassen.

Merk at Småkraftdagane nå er flytta fram ein dag, NVE startar på måndag og vi avsluttar onsdag. Grunnen er at det er vanskeleg å få politikarar ut av Oslo når det er spørjetime i Stortinget.

 

Kun 995,- per natt

Vi har forhandla fram veldig gode hotellprisar, og bestiller du før 8. januar får du eit enkeltrom til 995,- per natt inkl. mva.

8. januar stig prisen til 1295,- og ventar du til etter 11. februar er prisen 1495,- per natt.

Tillegget for dobbeltrom er bare 250 kroner, så ta gjerne med ein ledsagar, men hugs eigen påmelding sidan alle må bestille dagpakker.

Du får tilsendt faktura i starten av februar eller straks etter bestilling om du er seint ute. Faktura må vere betalt for å få tilgang til Småkraftdagane.

Fyldig program

Vi har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag er det politikk, kraftmarknad og økonomi. Det blir blant anna ein politisk debatt om å korleis få fart på utbygginga av småkraftverk her i landet.

Onsdag er det tema knytte til drift av kraftverk før lunsj. Etter lunsj har vi parallellsesjonane Brennpunkt ny småkraft, hydrogen og FSE-kurs. Brennpunkt ny småkraft er eit tilbod til dei som har ubygde konsesjonar og andre som er interesserte i dette temaet.

Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 40-50 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.

Tur til grotter med datasenter

Utanom det faglege har vi i tråd med tidlegare års arrangement også lagt opp til eit variert sosialt program. Måndag kveld reiser vi inn i grottene på Nås, ein halvtimes busstur frå Molde.

Det blir spektakulære opplevingar når vi skal segle på krystallklart vatn langt inne i nedlagte kalkgruver. Etter turen på flåten får vi servert nydeleg mat i ein flott fjellhall. Her inne ligg også Troll datasenter og gründeren av dette vil orientere om ulike energipolitiske problemstillingar rundt etablering og drift av datasenter – som kjent eit svært spennande felt når det gjeld å ta kraft i bruk her heime.

Tysdag kveld blir det bankett på hotellet med underhaldning og utdeling av småkraftprisen.

Vel møtt til fagleg påfyll og nettverksbygging i Molde !



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog