Nytt småkraftmøte: Spjelkavik 22. januar

(11/01/2019) Bli med på småkraftmøte i Spjelkavik 22. januar! Invitasjonen går til alle småkrafteigarar, fallrettseigarar og andre småkraftinteresserte. Møtet vil by på mykje interessant fagstoff. 

Småkraftforeninga har gleda av å invitere medlemmene og alle andre småkraftinteresserte til fagmøte småkraft tysdag 22. januar 2019 kl. 18.00 på Spjelkavik Panorama, Spjelkavikvegen 61, Spjelkavik.

Av omsyn til serveringa må vi ha påmelding til møtet: Påmeldingsfrist fredag 18.01.

Program

  • Opning ved leiar i Småkraftforeninga Møre og Romsdal Petter Velle. Revitalisering av lokalforeninga
  • Aktuelle småkraftsaker og Småkraftrapporten v/ dagleg leiar i Småkraftforeninga Knut Olav Tveit
  • Nettkapasitet og nettutfordringar for småkraftverk v/ sivilingeniør Tone Sundklakk, Mørenett.
  • Pause med servering
  • Kraftsal v/ Barbro Årvik, key account manager i Skagerak Kraft AS, Småkraftforeninga sin samarbeidspartnar på kraftsal
  • Forsikring av småkraftverk v/ Jonas Pedersen og Børre Sjøblom, KLP, representantar for Småkraftforeninga sine samarbeidspartnarar på forsikring: MARSH/ KLP
  • Troyer – ny turbinleverandør i Norge v/ Bernt Grimstvedt
  • Medlemstilboda på internkontrollsystem og elsikkerheitsopplæring v/ organisasjonsrådgjevar Terje Engvik i Småkraftforeninga
  • Drøfting av lokallagsarbeid – evt. nyval av styre i Småkraftforeninga Møre og Romsdal

Påmelding til møtet til: Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje@smakraftforeninga.no innan 19. januar.

 

Forsikringskontakt: Om nokon skulle ynskje å få besøk av eller å ha eit eige møte med samarbeidspartnaren vår på småkraftforsikring i tilknyting til fagmøtet, vil dette kunne late seg gjere den 22.1 på dagtid eller eventuelt om føremiddagen den 23.1. Ta i så fall snarleg kontakt med Jonas Pedersen i KLP, tlf. 979 85 792, e-post Jonas.Pedersen@klp.no.

 

Vel møtt til småkraftmøte til alle småkrafteigarar, fallrettseigarar og andre småkraftinteresserte!

Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog