Energiminister Freiberg kjem til Småkraftdagane

(17/01/2019) Olje – og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) har stadfesta at han kjem til Småkraftdagane i Molde i mars. Ei rekke andre sentrale politikarar frå energi- og miljøkomiteen på Stortinget blir også med for å diskutere framtida til småkraftbransjen.  Meld deg på nå!

400 småkraftkonsesjonar står ubrukte – korleis skal vi få bygd ut meir fornybar småkraft? Det er spørsmålet politikarane får når dei møter til debatt i Molde tysdag 12. mars

Sentrale politikarar
– Eg syns det er veldig spennande at så mange sentrale politikarar vil stille opp på debatten på Småkraftdagane. Dette viser at vi er i vinden for tida, seier styreleiar Lars Emil Berge i Småkraftforeninga.

Forutan statsråden har han fått ja frå leiaren i energi- og miljøkomiteen Ketil Kjenseth (V),  Liv Kari Eskeland (H) og Else-May Botten (A).

400 ubygde kraftverk har konsesjon
I Noreg er det om lag 10 TWh (nok straum til 650 000 husstandar) utbygd småkraft, og vi har vel 3 TWh  (400 kraftverk) som har konsesjon, men som enno ikkje er bygd ut. Mange av desse kraftverka som ligg på vent ligg der fordi dei er på grensa til å vera lønsame til å bli bygd ut, mens andre kan slita med nettilknytning.

-Korleis skal vi få løyst ut restpotensialet av fornybar kraft i Noreg? Eg håpar på ein spennande og engasjerande debatt om rammevilkåra for småkraft. Vi må spørje politikarane om dei syns vi skal få utbygginga finansiert i EU eller om vi skal klare dette sjølv, seier Berge.

Fyldig program
Småkraftdagane har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag er det altså politikk, kraftmarknad og økonomi. Onsdag  er det presentasjon av leverandørar, teknikk og FSE-kurs og meir praktisk retta gruppeseminar. Andre tema er nytt frå hydrogenfronten, marknadsforedrag og praktiske tips til bygging og drift av kraftverk

Mange utstillarar
Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Pågangen har vore uvanleg stor i år og to månader før messa er det er bare eit par ledige stands igjen.

Grottetur
Utover det faglege har vi i tråd med tidlegare års arrangement også lagt opp til eit variert sosialt program. Måndag kveld reiser vi inn i grottene på Nås med  spektakulære opplevingar når vi skal segle på krystallklart vatn langt inne i nedlagte kalkgruver. Etter turen på flåten får vi servert nydeleg mat i ein flott fjellhall. Her inne ligg også Troll datasenter.

Styreleder Lars Emil Berge i Småkraftforeninga gler seg til Småkraftdagane.

Tysdag kveld blir det bankett på hotellet med underhaldning og utdeling av småkraftprisen.

-Her blir det mange interessante tema, eg håpar mange i bransjen møter opp, avsluttar styreleiar Lars Emil Berge.

Meir informasjon og påmeldingsskjema til småkraftdagane finn du på her.



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog