Da det blei opna for registrering av stands midt i desember, var det teikna inn 48 stands på kartet. Dei var konsentrert i resepsjonsområdet og vegg i vegg med foredragssalen. Men alt nå er alle bestilt bort og fleire utstillarar vil gjerne kome til Molde.
-Nå leitar vi etter nye område på hotellet som vi kan bruke til utstillingsområde, seier Mikkel Aanderaa i Småkraftforeninga. Han ber firma som enno ikkje har reservert plass men som gjerne vil kome om å ta kontakt på epost: mikkel@smakraftforeninga.no
Også deltakarpåmeldinga går unna og den har vore veldig god så langt. Mange vil sikre seg billig hotellrom før prisen går opp 12. februar. Eit veldig fyldig program gjer at mange gler seg til å kome til Scandic Seilet hotell i Molde i 11-13. mars.