Ny giv i Møre og Romsdal

(28/01/2019) I samband med fagmøtet småkraft i Spjelkavik nyleg var det semje om å satse på ein ny giv for småkraftsamarbeidet i Møre og Romsdal. Dei ca. 30 frammøtte på fagmøtet gjekk inn for at eit revitaliseringsstyre skulle arbeide vidare med lokallagsarbeid i fylket.

Avtroppande lokallagsleiar Petter Velle og styremedlem Lars Petter Øye innleia om lokal aktivitet i Småkraftforeninga. Lokallagsarbeidet hadde lege nede dei aller siste åra. Men Småkraftforeninga sentralt ville gjerne ha lokale tillitsvalde, som kunne vere kontaktledd og jobbe for eit godt fagmiljø i fylket. Styremedlem Lars Petter Øye frå Ørsta oppsummerte og drog desse konklusjonane etter drøftinga:

  • Eit revitaliseringsstyre med Jens Inge Skjåstad, Egil Berge, Ståle Hånes og Lars Petter Øye jobbar vidare med revitalisering av lokallaget. Lars Petter Øye kallar inn til møte.
  • Revitaliseringsstyret tek sikte på å kartlegge medlemsinteressa og har tankar om eit arbeidsmøte/ fagmøte for medlemmer og interessert til hausten.
  • Ein tek sikte på formelt årsmøte i januar 2020 med nyval av styre i lokalforeninga.

Møtedeltakarane fekk elles gjennomgang av aktuelle tema frå Småkraftforeninga, samarbeidspartnarane og Tone Sundklakk frå Mørenett, som orienterte om nettkapasitet og nettutfordringar for småkraftverk. Dagleg leiar Knut Olav Tveit fokuserte mellom anna på det viktige arbeidet Småkraftforeninga gjer mot ekspertutvalet som no vurderer vasskraftskattlegginga. Målet er å hindre innstramming av grunnrenteskatten og arbeide for ein eigedomsskatt som ikkje gjer nyetableringar vanskelege, slik ordninga er i dag.

Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik orienterte om medlemstilboda på FSE-kurs og internkontroll gjennom Kraftlosen. Det vert FSE-kurs onsdag 13.3 under Småkraftdagane i Molde. Påmelding til Småkraftdagane innan 11. februar kan løne seg. Då stig overnattingsprisane. Samarbeidspartnarane Barbro Årvik frå Skagerak Kraft og Jonas Pedersen frå KLP forsikring orienterte om medlemstilboda, som ein kan finne meir informasjon om på www.smakraftforeninga.no Vidare orienterte representant for Troyer, Bernt Grimstvedt om denne nye elmek-leverandøren i Norge.

Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog