Det nye utstillingsområdet er rett bak Bjørnsonsalen der det meste skjer. Dersom nokon vil gå ut under programmet, bør dei bruke bakre utgang som fører rett til det nye området. Her er det sett av plass til 10 nye stands som blir selt til rabattert pris.
-Vi trudde vi hadde nok stands, men nå måtte vi altså finne meir plass, seier prosjektleiar Mikkel Aanderaa. Han lovar at det bli opplyst frå scena om kor alle stands er å finne før alle pauser og at det blir skilta godt.
Om nokon treng plass til stort utstyr, har vi også reservert sju parkeringsplassar ved inngangen til hotellet som kan brukast til utstillingsplass. Utstillarane kan ta kontakt med prosjektleiaren om dei er interesserte.