Små nettselskap er dyrt og hindrer utvikling

(14/02/2019) Stat, fylkeskommune og kommunar må tilretteleggja best mogleg slik at ny teknologi kan koma inn og takast i bruk. Derfor må ein sjå på korleis ein vil vere best mogeleg rusta til å klara oppgåvene. Alle kommunar, regionar eller fylke må ha ei konkurransedyktig nettleige. Det betyr at nettleiga må vera på same nivå som dei som har den lågaste nettleiga i området, slik at nettleiga ikkje er til hinder for næringsutvikling.

Mange av småkraftverka våre ligg gjerne der det er lite forbruk. På desse stadene hadde det vore tenleg å fått inn eit større forbruk i form av ei næring. På den måten sparar ein nettet ved at ein får mindre tap, og dermed ein meir effektiv bruk av energien. Slike næringar kan mellom anna vera landbaserte fiskeanlegg. For å få til dette er det heilt avgjerande at vi har konkurransedyktige prisar på nettleiga.

I min heimkommune, Kvinnherad har vi om lag 10 øre høgare nettleige enn BKK i følgje tal frå NVE. Eg har sett på ein del tal for Kvinnherad og har då kome fram til desse resultata:
Kvinnherad kommune brukar mellom 20-25 GWh /år i sine kommunale bygg. Dvs. at 1 øre i skilnad på nettleiga utgjer mellom 200 000 og 250 000/år for kommunen. Inkubatoren(fiskeanlegget) på Enes, som er ei bygd i kommunen, skal bruke over 17 GWh/år. Dvs. at 1 øre i skilnad på nettleiga utgjer 170 000/år. Det blir sendt ut 150 GWH gjennom nettet i Kvinnherad Energi kvart år fordelt på 90 GWh privat og 60 GWh næring. Dvs. at 1 øre i skilnad på nettleiga utgjer mellom 900 000 til privatkundar og 600 000 til næringskundar. Er forskjellen 10 øre blir forskjellen sjølvsagt 10 gonger så stor.

Hydrogenproduksjonsanlegget SKL, Gasnor og Kvinnherad kommune kanskje vil byggja i Matre vil trenga mellom 260 og 520 GWh/ år. Her vil 1 øre utgjera mellom 2,6 og 5,2 millionar/år. Hydrogen kan bli ei av løysingane som må til for å nå klimamåla. Me ynskjer at det skal vera mogleg å kunne produsere det i vår kommune.
Dei neste tiåra vil straumnettet bli revolusjonert. Dette er viktig for å nå klimamåla. I det nye intelligente nettet er det styringssystem som vil setja automatisk i gong vaskemaskina når straumen er billigast. Ein kan få solceller eller små vindmøller på taket. Dette vil føra til at elektron kan gå både inn og ut av huset i eit mikronett. Bustaden blir produsent av eigen straum. Det at nettet blir digitalisert, fører til at me kan styra lys, varme og kvitevarer automatisk. Ein kan også styra kor tid elbilen i garasjen skal ladast ut frå når straumprisen er lågast.
Første steg mot dette er at det er kome automatiske straummålarar. Desse målarane gir nettselskapa informasjon om forbruket til husstanden. Denne informasjonen gjer at nettselskapa kan balansera og utnytta nettet på ein optimal måte i høve til forbruksmønsteret til husstanden.

Elbillading og induksjonstoppar gjer at me får større forbrukstoppar. For å unngå oftare utkoplingar/ feil, må ein ha full kontroll og smarte styringssystem. Klarar KE som eit lite energiselskap å handtera desse utfordringane?

I mange år har Kvinnherad Energi vore ei mjølkeku for kommunen min. Under kommunestyredebatten eg var med i vart det sagt at i staden for å selja selskapet så må me utvikla Kvinnherad Energi, samstundes som ein tappar selskapet for kapital. Ingen god eigar gjer det. Då er det betre å selja til nokon som vil satsa på distribusjonsnettet i Kvinnherad.
Med desse argumenta lagt til grunn meiner eg at alle kommunar og regionar bør undersøkja om det er mest tenleg for næringsutvikling at det lokale nettselskapet slår seg saman med eit større og meir robust nettselskap, og på den måten få ned nettleiga, og gir regionen ei meir konkuransedyktig nettleige.

Lars Emil Berge
Styreleiar småkraftforeninga



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog