– Bondens rett i statsallmenning må også gjelde småkraft

(28/02/2019) - Hev du bruksrett i ein statsallmenning? Då lyt du også få nytte vanfalla der til småkraft, seier organisasjonsrådgjevar Terje Engvik i Småkraftforeninga i samband med høyringa på ny fjellov.

Småkraftforeningas frsåegn i samband med NOU 2+18-11 Ny Fjellov ble sendt Landsbruks og matdepartementet i dag. Foreninga meier det at om bonden har gamle bruksrettar til sag-, kvern- eller mølledrift så må han eller ho i dag like naturleg ha retten til å småkraftraressursane. Heile fråsegna kan du lese her:

Terje Engvik i Småkraftforeninga.

Fråsegn frå Småkraftforeninga 28.02.19

Høyring ny fjellov – NOU 2018-11

 Småkraftforeninga representerer i dag størstedelen av fallrettseigarane og kraftverka i småkraftnæringa og driv næringspolitisk arbeid og fagleg innsats retta mot fallrettseigarar og små kraftverk. Medlemmene dekker heile spekteret av små kraftverk – frå mikrokraftverk som er bygde for å dekke kraftbehov på garden til dei største småkraftverka på oppunder 10 MW installert effekt. Småkraftforeninga ser det som viktig å arbeide for at ressursgrunnlaget i næringa vert best mogleg utnytta, slik at ein får auka næringsaktivitet og verdiskaping distrikta samstundes som ein med fornybar kraftproduksjon gir eit viktig bidrag til klimasatsing og utfasinga av fossile energikjelder.

Sidan ny energilov vart gjeldande frå 1992 har småkraftnæringa vore i sterk vekst og vore med på å sikre næringsaktivitet, busetnad og inntektsgrunnlag for gardsbruk over store delar av landet. Småkraftforeninga har fått utarbeidd ein rapport v/ Thema Consulting som handsamar samfunnsnytta av småkraft. Rapporten følgjer vedlagt høyringsuttalen. Thema sine sin rapport syner at verdiskapinga frå småkraftverka kan gi eit årleg bidrag til bruttonasjonalproduktet på om lag 2,5 milliardar kroner. Ei vidare utbygging av småkraftpotensialet kan gi eit samla bidrag på vel 50 milliardar kroner over levetida til prosjekta og ein sysselsettingseffekt på vel 13 000 årsverk.

I denne høyringsuttalen vil Småkraftforeninga avgrense seg til å gi uttale om dei delane av arbeidet til statsallmenningslovutvalet som direkte gjeld småkraftnæringa og spørsmålet om fallrett som ein bruksrett i allmenningane. Dette finn vi i kapittel 13 om dei jordbrukstilknytta bruksrettane.

Småkraftforeninga har solid erfaring med den dynamikken som ein har hatt med utnytting av vassdrag og vassdragsrettar i samfunnet i takt med den teknologiske utviklinga i landbruket og i energiproduksjonen. Ved utnytting av fallrettar til småkraftverk på private eigedomar kan det i mange høve vere krevjande å få fastslått kva for eigedomar som har rettigheiter i eit konkret fall. Ved handsaming i jordskifteretten og eventuelt i rettsapparatet elles vert det lagt stor vekt på gamle landbrukstilknytte bruksrettar som rett til kvern- og mølledrift. Ved tvil om kven som har rettar til eit fall, vil eldre rettar til slik vassutnytting ofte kunne føre til at eigedomen også får rett til den moderne forma for vassdragstutnytting – nemleg fallrett til småkraftproduksjon. Bruksforma i den landbrukstilknytte vassdragsbruken endrar karakter i takt med teknologiutviklinga og nye driftsmåtar.

Slik meiner Småkraftforeninga det også naturleg må vere i Statsallmenningane, der tidlegare bruksrettar til vassdrag ikkje lenger er aktuelle å utnytte på tradisjonelt vis. Dei nye utnyttingsformene som bønder elles i landet kan nytte seg av, må også gjelde for bruksrettshavarane i statsallmenningane.

Småkraftforeninga deler difor synet til fleirtalet i utvalet omtalt i punkt 13.2.8 i utgreiinga og støttar den argumentasjonen fleirtalet har lagt til grunn. Fleire av bruksrettshavarane vil også vere private grunneigarar med fallrettar på dei private eigedomane sine. Dei vil kunne ha erfaring med disponering av fallrettar og eiga småkraftutbygging og kan representere ein ressurs ved utnytting av fallrettane i statsallmenningar etter ei lovendring som legg til rette for utvikling av småskala vasskraft som ei vidareutvikling av bruksretten til bruksrettshavarane.

Ei slik utvikling vil kunne leggje til rette for auka ressursutnytting, auka lokal verdiskaping og meir positive haldningar til fornybar energiproduksjon i lokalsamfunnet. Når det gjeld avveging av ulike samfunnsinteresser i samband med kraftutbyggingar, gjer NVE eit solid vurdering av samfunnsnytte opp mot naturvern- og miljøinnvendingar mot tiltaket i konsesjonshandsaminga.

Fleirtalet i utvalet peikar på alternativ for utvikling av småkraft i statsallmenningane etter ei lovendring: Organisert samarbeid mellom bruksrettshavarar om søknad til fjellstyret om å utnytte ressursane til småkraft, eller med utbygging i regi av fjellstyret som eit fellestiltak og inntektene inn til fellesskapen ved fjellstyret. Småkraftforeninga ser begge alternative som aktuelle vegar for framtidig småkraftutnytting og meiner som fleirtalet at lokale tilhøve ofte kan vere utslagsgjevande for kva løysing som helst bør nyttast.

Ei lovendring som opnar for moderne utnytting av fallrettane som ei naturleg vidareføring av bruksretten vil opne for meir lokal næringsutvikling og ny, rein vasskraftproduksjon. Ei slik utvikling vil vere ei naturleg tolking av regelen i fjellova om at «Retten skal kunne nyttast på ein måte som til kvar tid er i samsvar med rasjonell bruk, og som er naturleg etter tida og tilhøva».

Småkraftforeninga støttar etter dette fleirtalet sitt framlegg til ny lovformulering:

«Eigedom med jordbrukstilknytt bruksrett har rett til å få bygget ut mindre kraftverk i allmenningen åleine eller saman med andre bruksrettshavarar til eige bruk. Det kan i bruksreglane fastsetjast at  berre fjellstyret skal disponere fallrettane, eller at fallrettar over ein viss størrelse ligg til fjellstyret.  Mindre kraftverk er her anlegg som ligg under konsesjonsgrensene i vannfallrettigheitslova § 2 første ledd.»

 

Med helsing

 

Knut Olav Tveit                                                                                                         Terje Engvik

Dagleg leiar                                                                                                               Organisasjonsrådgjevar

Småkraftforeninga                                                                                                   Småkraftforeninga

——————————————-                                                                     —————————————-

Mobil: 414 76 390                                                                                                    Mobil: 975 17 111

Adresse: Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

 

 



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog