Småkraftprisen til Anders Kiær

(13/03/2019) Småkraftentusiasten Anders Kiær fekk utdelt Småkraftprisen 2019 under bankettmiddagen på Småkraftdagane tysdag kveld. Prisvinnaren var ein av grunnleggarane for å starte Småkraftforeninga.

Her er grunngjevinga frå styret:

Prisen i år går til ein ekte småkraftentusiast. Prisvinnaren er ein gjengangar på Småkraftdagane. Personen me snakkar om er langt over gjennomsnittet politisk interessert. Han har klare og tydelege meiningar, og er ikkje redd for å bringa dei fram. Når engasjementet boblar, snakkar han både på innpust og utpust. Han talar gjerne ROMA midt imot om det er naudsynt, og det har vel ERNA fått erfare i rovdyrpolitikken.

Prisvinnaren var den første styreleiaren i Småkraftforeninga. Isak fortalde meg at når han møtte prisvinnaren første gongen var det 2 grupperingar:

  • Det var Austlendingane og Sør-Vestlendingane.
  • Dei som kom austante hadde alle sitt utspring frå NORSKOG.
  • Dei sørvestifrå hadde små og til dels nyetablerte kraftverk.

Isak fortalte at til tross for at dei hadde sitt utspring frå ulike kulturar, gjekk det veldig greitt å sveisa gjengen saman.

Årets prisvinnar var den var den naturlege styreleiaren sa Isak.

Han hadde autoritet, erfaring, kunnskap og hadde stor respekt i begge leirar.

Prisvinnaren var og styreleiar i NORSKOG på den tida. Klok som han var brukte han NORSKOG og Arne Rørå til starthjelp for foreninga, både økonomisk og praktisk.

Prisvinnaren sat som styreleiar i 2 år, til han kjøpte seg “ein skogteig” oppi Trøndelag. Der han no bur saman med ei driftig kone og utviklar både skogen og fleire småkraftverk.

Isak seier at han hadde veldig god hjelp av prisvinnaren då han tok over leiarvervet. Den første store sigeren kom tidleg i Småkraftforeninga sin fase.

Sigeren me her talar om var å heva grensa for grunnrenteskatt frå 1,5 MW til 5MW. Til slutt vil eg seia at det er ein engasjert, kunnskapsrik, rettferdig og diplomatisk prisvinnar.

Til lukka med småkraftprisen 2019 Anders Kiær!



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog