Eg hadde eit lesarinnlegg i nokre aviser i midten av februar som eg kalla «Velferdsmafiaen». Hogne Hongset har svara meg eit par gonger på diverse plattformer den seinare tida. Her er mitt tilsvar til Hogne Hongset.
I eit innlegg 19. mars går Hogne Hongset som vanleg til åtak på kraftnæringa generelt og kraftutveksling med utlandet spesielt. Det er vi vane med. Det som denne gongen gjer innlegget meir sjølvmotseiande enn vanleg er at han meiner at kraftutveksling med utlandet også er eit trugsmål mot inngrepsfri natur.
Norsk vasskraft er ei fantastisk fornybar energikjelde, men i tørre år har vi ikkje nok. Så langt i 2019 har vi ein netto import på 1,6 TWh. Med vårt veravhengige kraftsystem får vi variasjonar som både gir overskot og underskot av kraft gjennom året. Kraftutveksling gir inntekter når vi eksporterer og forsyningstryggleik når vi har lite vatn i magasina våre.
Kva ville skjedd om vi ikkje hadde kablar til utlandet? Jau, vi ville måtte byggje ut ein voldsom overkapasitet i kraftsystemet for å sikra oss i tørre periodar. Konsekvensane vil vera større dammar, fleire kraftverk, fleire vindmøller og større naturinngrep.
Prisane ville auka for å finansiera overkapasiteten, og prisane ville svinga voldsomt i takt med nedbør (og vind når vi får mange nok vindmøller) og temperaturar. NVE har gjort analysar som syner at straumprisen kunne vore 2-3 gonger høgare på vinteren sjølv med normale nedbørsmengder om vi ikkje hadde vore kobla til den europeiske kraftmarknaden via overføringsnettet.
Hongset skriv at han ser på energi primært som ein innsatsfaktor i alt næringsliv, og han er redd for at høge kraftprisar vil driva industrien ut av landet med dei følgjene det vil få. Heldigvis har industrien sjølve eit meir optimistisk syn på framtida enn Hongset, noko investeringsviljen i kraftintensiv industri syner. Industrien har då også gode rammevilkår i Norge. God tilgang på fornybar kraft og langsiktige kontraktar gir føreseielege kostnader. Norsk industri vert også kompensert for verknadene klimakvotehandelen gir på kraftprisen. Det er bra. Industrien er kraftnæringa sin største kunde med 45 % av all kraftbruk i landet. Kraftnæringa og industrien er såleis i ein skjebnefellesskap, og ikkje i eit motsetningsforhold, slik Hongset prøver å framstilla det.
Energi er uendeleg mykje meir enn ein «innsatsfaktor i alt næringsliv»! Energibruk er både årsaka og løysinga på klimakrisa. Vi må erstatta fossil energi med fornybar, både i Norge og i verda rundt oss. Det fører med seg at vi må byggja ut meir produksjonskapasitet, og vi må sjå til at systemet er effektivt slik at både kapital- og miljøkostnadene vert reduserte så mykje som mogleg. Då er det naudsynt med kraftutveksling mellom naboland.
I tillegg må næringa som skal produsera all energien gå med overskot. Det er ingen som vil investera i tapsprosjekt. Lønsemd vert vurdert, om det er i industrien sine styrerom i Beijing eller Paris, eller om det er på småkraftbyggjaren sitt kjøken i bygde-Norge.
Ingen er tjent med Hongset si mistenkjeleggjering av ei næring som vert stadig viktigare for Norge. Tvert om er vi alle tjente med at norsk kraftnæring har lønsemd og at næringa veks. Det gir inntekter til samfunnet og betre klima for framtidige generasjonar.
Lars Emil Berge
Styreleiar i småkraftforeninga
Foto: Lars Emil Berge er saman med naboane eigar av eit Småkraftverk i den vesle bygda Åkra i Kvinnherad. Her eit bilete frå byggjeperioden.