Skal dei danske grindagutane få skumma fløyten av norsk vasskraft?

(03/04/2019) Berre 10% av all vasskraft Noreg eksporterer går direkte til kontinentet. Dei resterande 90% går gjennom våre naboland, Danmark og Sverige og blir selt med god forteneste vidare til kontinetet. I debatten om utanlandskablar står me tilsynelatande overfor valet om å eksportera meir kraft til Europa ellar ta vare på den innanlands. Det kan me eigentleg ikkje, fordi me allereie er tett knytt til den nordiske kraftmarknaden. Det verkelege valet me står overfor, er om me skal la danskane eksportera norsk vasskraft, eller om me skal gjera det sjølv, skriver styreleiar Lars EmiL berge i Småkraftforeninga i denne kommentaren.

Tidlegare energiminister, senterpartist og Norsk-Hydro-sjef Eivind Reiten ga startskotet for dereguleringa av kraftsektoren med energilova i 1990. Noreg og Sverige grunnla Nord Pool, den første internasjonale straumbørsen i verda. Ved årtusenskiftet var heile Norden samla i ein felles marknad.
På vegen har dei nordiske systemoperatørane jobba tett for å harmonisera lovar, reglar og planlagt forsterkingar etter trong. Resultatet er ein velfungerande kraftmarknad, med relativt like prisar i dei nordiske landa – dei lågaste i Europa. Straumprisane i store delar av resten av Europa er mykje høgare. Takka vera fleksibiliteten til norsk vasskraft, er kraftutveksling ut av Norden særleg gunstig, men det er våre danske naboar som til no har selt vasskrafta vår vidare til kontinentet.
Fortenesten frå utanlandskablane blir vanlegvis fordelt 50-50 mellom Noreg og Danmark. På same måte blir fortenesten mellom Danmark og Tyskland fordelt. Som transittland får Danmark betalt i begge endar når dei sel krafta vidare til Tyskland. Noreg får då om lag 25% av inntektene, mens danskane får 50% av fortenesten av norsk vasskraft som går gjennom Danmark.
I gamle dagar gjekk ofte landevegane rett ved bondegardane, kor det ofte var ei grind som hindra trafikken. Dette ga ungane på gardane eit høve til å tena nokre ekstra kroner på å opna grinda når det kom hest og kjerre. Me har vel alle sett korleis Emil i Lønneberget utnytta eit slikt høve.
Noreg må passa på så ikkje våre naboland blir grindagutar for den norske vasskrafta. Noreg treng ikkje at Sverige eller Danmark skal vera vasskrafta sin Emil i Lønneberget som ser sitt snitt til å tena nokre ekstra kroner.
Til samanlikning gir utanlandskabelen til Nederland oss direkte tilgong til den europeiske kraftmarknaden, og gir langt høgare forteneste enn kablane til Danmark.
Det er mange som ytrar seg sterkt negativt mot den planlagte kabelen til Skottland, NorthConnect. Er kabelmotstandarane klar over at Danmark skal bygga nye kablar til England, Nederland og Tyskland, samtidig som dei vil styrka Skagerak-kablane? Dit går den same vasskrafta som alternativt ville gå gjennom NorthConnect, der Noreg får fortenesta av eigen vasskraft.
Danmark har ein uttalt strategi på å vera knutepunktet for kraftutveksling i Norden. Kva strategi har Statnett og Noreg dersom dei vil «venta» med NorthConnect? Resultatet av å venta er at danskane skummar fløyten av den norske, fleksible vasskrafta.
Kabelkabalen blir lagt no! Dei knutepunkt og stamvegar som no byggjast, vil vera avgjerande for kraftflyten dei neste 30 åra. Det vil etter mi meining vera dårleg norsk industripolitikk om me endar opp der straumkablane mot Europa går ut frå Danmark. Danmark er då blitt transittland for fleksibel norsk vasskraft. Noreg sitt att med ei svært innskrenka rolle i den europeiske energiomstillinga.

SKAL ME LA DEI DANSKE GRINDAGUTANE SKUMMA FLØYTEN AV NORSK VASSKRAFT?



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog