Noah (13) – Det var tunge bakkar og eg begynte litt hardt!

(08/05/2019) Vikakraftløpet motstrøms til inntaket gjekk av stabelen no på laurdag. No vonar småkraftfolket i Åkra at andre kraftverkseigarer tek opp hansken og gjev noko tilbake til bygda.

“Det var tunge bakkar, og eg begynte litt hardt!” forklarte Noah Lekva Hjelmeland (på biletet over) frå Omvikdalen etter løpet. Trettenåringen var ein av tolv deltakarar i konkurranseklassa. Foreldra var også nøgde etter løpet. “Eg hadde aldri trudd at det var så fint og så mange premiar!” seier mamma Anne Ruth.

-Totalt var det med 57 deltakarar, sier  styreleiar Lars Emil Berge om det som også var ei flott markering av  10-årsjubiléet til Vika Kraft AS i Åkra i Kvinnherad.

-Me la inn 10 000 kr i premiepotten. Brødrene Dahl og BG-Suldal la inn 4500 kroner. I tillegg var det premiar frå Sparebank1 SR-bank og Småkraftforeninga. Det vanka også gratis pølser og kaffi. Vatn henta vi i utlaupet og frakta opp, seier Berge. (teksten fortsetter under bildene).

Berge vonar fleire tek opp handsken og set fokus på småkraft i nærmiljøet.

-Ein treng nødvendigvis ikkje arrangera eit løp, men ein kan laga eit turløype til dammen med bok for avkryssing av tal turar til dam. Ut på hausten kan til dømes småkraftverket dela ut ein eller fleire premiar. Ein kan også gjera andre tiltak for nærmiljøet som å setja ut kvilebenkar og så vidare. Her er det berre fantasien som set ein stoppar. Vi som er eigarar av småkraftverk skal vera synlege i nærmiljøet på ein god måte, seier Lars Emil Berge som ber folk sende inn døme på tiltak som er gjort til Småkraftforeninga som så vil publisera desse på heimeside og på sosiale medier.

Lars Emil Berge er styreleiar i Småkraftforeninga i tillegg til å drive gard og kraftverk heime i Åkra.

Vikakraftløpet er berre tre kilometer langt, men mellom turbinen og inntaket er det heile 400 meter med høgdeforskjell.

Alle bilete:  Håvard Kvalvik Berge.

Her er resultatlista frå løpet:

Konkurranseklassa herrer:
1. Kristian Øvstebø (2004) Uskedalen 21.30
2. Magne Årthun Bergane (2001) Matre I.L. 23.08
3. Vemund Hjelmeland (1979) Omvikdalen 23.20
4. Eirik Kjærstad Berge (1995) Matre I.L. 25.25
5. Bjørn Egil Haugland (1963) Uskedalen 25.37
6. Magnar Hillesdal (1956) Stord 26.40
7. Noah Lekva Hjelmeland (2006) Omvikdalen 27.13
8. Gisle Sellevold (1951) Klypetussen 41.35

Konkurranseklassa damer:
1. Ruth Solveig Årthun Bergane (1998) Matre I.L. 27.05
2. Ine Fu Di Farestveit (2004) 33.36
3. Madeleine Berge (2005) Matre I.L. 34.36
4. Sigrid Lekva (2006) Uskedalen 38.30

Trimklasse:
Reidar Tveit, Kari Synnøve Tveit, Brit Torhild Tveit, Else Marie Vika, Evy Brekke, Håvard Brekke, Maria Severine Ø. Berge, Anne Grethe K. Berge, Maria Skarveland, Lars Emil Berge, Berit Berge, Edmund Berge, Håvard K. Berge. Marit B. Endressen, Oddbjørn Sørheim, Reidun Sørheim, Erik Johan Furdal, Anna Sigrun Furdal, Marit Årthun, Rune Dahle, Arild Kvame, Nils Gunnar Øvstebø, Bjørn Rune Bergane, Kurt Reidar Jegteberg, Johan Hillesdal, Anne-Lise Hillesdal, Terje Tjelmeland, Gunnlaug Tjelmeland, Tage Berge, Marta Tjelmeland. Oddrun Berge, Gyda Tungesvik, Marie T. Dahle, Tanja Eikemo, Silvia Nyland, Anne Ruth Lekva, Helge Lekva Hjelmeland, Olve Lekva Hjelmeland, Vigdis Haugland, Jan Øvstebø, André Øvstebø, Claudia Øvstebø, Åse Farestveit, Birgitte Shan Qui Farestveit, Hagar Hassan.



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog