Myte 1: Nye utanlandskablar vil føra til kraftig auke i straumprisane! Straumprisen for ein familie vil auka med om lag 200 kr, men på ei anna sida vil nettleiga gå ned med om lag 100 kr. I praksis er det andre faktorar som er meir avgjerande for straumprisen, som CO2-prisar, utbygging av vindkraft, været og offentlege avgifter.
Myte 2: Utanlandskablar fører til auka nettleiga! Nei, utanlandskablar bidreg til lågare nettleiga, som ifølgje regelverket skal førast tilbake til straumkundane i form av reduksjon i nettleiga.
Myte 3: Utanlandskablar som den planlagte NorthConnect importerer dyre straumprisar frå Europa! Den første utanlandskabelen kom i 1960, og krafta går begge vegar. Vi eksporterer på dagtid når prisane er høge, og importerer om natta når prisane er låge. Frå land med mykje vindkraft importerer vi billig vindkraft når det bles, og eksporterer når det er stille i Danmark. I tørrår importerer vi, og i våtår eksporterer vi. I sum gir utanlandskablane meir stabile og lågare prisar, enn om vi skulle bygd ut all krafta sjølv.
Myte 4: Utanlandskablar fører til høgare prisar som truar kraftkrevjande industri! Kraftkrevjande industri har langsiktige kraftprisavtalar med vindkraft til konkurransedyktige prisar på 30 øre/kWh, og er difor upåverka av prisane i kraftmarknaden. Nokre av desse avtalane varer heilt til 2050. Mykje viktigare for kraftkrevjande industri er utbygging av billig vindkraft, og dei avtalane dei får med desse utbyggjarane.
Myte 5: Utanlandskablar truar arbeidsplassar i kraftkrevjande industri! Kraftkrevjande industri har som sagt fått til langsiktige kraftavtalar med vindkraft til gunstige prisar. Utanlandskablane bidreg til utvikling og vekst blant dei norske kraftaktørane, som har 20 000 tilsette over heile landet. Til samanlikning har kraftkrevjande industri 17 000 tilsette.
Myte 6: Fortenesta for den planlagde kabelen, NorthConnect går rett i lomma på grådige kraftselskap! I motsetnad til kraftkrevjande industri som i stor grad blir eigd av private utanlandske selskap, blir NorthConnect eigd av offentlege kraftselskap. Forteneste går tilbake til fellesskapet i form av redusert nettleiga, skattar, avgifter og utbyte til stat og kommunar.
Myte 7: Utlandskablane har lite å seia for reduksjon i utslepp av CO2! Utanlandskablane legg til rette for å fasa ut store mengder fossil kraft. Bygging av NorthConnect vil til dømes redusera utsleppa i Storbritannia med 2 millionar tonn CO2 kvart år. Det er like mykje som 1 millionar personbilar slepp ut på eit år. Land med store mengder vindkraft treng eit grønt batteri til å balansera den varierande vindkraftproduksjonen. Dette er ein viktig bidrag til det grøne skiftet i Europa, og betyr langt meir enn talet eksporterte kilowattimar isolert sett skulle tilseia. Noreg tenar på å eksportera kraft når det er vindstille, og importera når det er overskot på vind, slik vi gjer med Danmark. Dette er bra for økonomien og for klimaet.
Myte 8: Utanlandskablar fører til effektkøyring i vassdrag, som gir store miljøkonsekvensar! Effektkøyring med hyppig start og stopp av vasskraft med utslepp i elv er eit miljøproblem, men ikkje for magasinkraftverka som blir brukt til effektkøyring. Magasinkraftverk som blir nytta til effektkøyring har utslepp i fjordar eller innsjøar. Til dømes har Simadalen, der NorthConnect skal koma i land, fleire magasinverk der vatnet går i tunell og rett ut i fjorden.
Myte 9: Vi sel arvesølvet til utlandet i staden for å nytta vasskrafta til å skapa industri i Noreg! Vi sel ikkje arvesølvet, vi pussar det! Europa treng fleksibiliteten som dei norske magasinkraftverka kan gi. Denne fleksibiliteten får vi ikkje nytta fullt ut i Noreg, fordi vi har meir enn nok av den. I Noreg blir det no bygd ut vindkraft som vil forsyna kraftkrevjande industri med konkurransedyktig kraft. Vasskraft blir brukt til å balansera ut uregulerbar vindkraft, både i Noreg og utlandet. Vi har eit overskot på kraft og har såleis nok til begge føremål.
Myte 10: Vi kan bestemma sjølv om vi skal byggja fleire utanlandskablar eller ikkje! Ja, vi kan sjølv velja å ikkje byggja utanlandskablar, men nabolanda byggjer også ut kablar, men då hamnar dei attraktive «flaskehalsinntektene» i Danmark. På denne måten vil då dei danske «grindagutane» skumma fløyten av norsk vasskraft.
Myte 11: Utanlandskablar er eit tapsprosjekt for Noreg! Utanlandskablar er samfunnsøkonomisk lønsamt for Noreg. Handelsvinsten gir penger til det offentlege i form av flaskehalsinntekter. Kraftutveksling gir inntekter som går til stat og kommune.
Samanhengen er altså ikkje slik kabelmotstandarane får det til å sjå ut som. Det er sunt og bra med debatt, også rundt utanlandskablar, men eg kunne ønskja meg at den offentlege debatten om dette betente temaet blei meir sakleg. Så får dei beste argumenta vinna!
Lars Emil Berge
Styreleiar i Småkraftforeninga