H2-prosjekt må snakke saman

(22/08/2019) Vil samhandling mellom hydrogenprosjekt gi start på sammanhengande infrastruktur?

Grøn hydrogen vil vere eit viktig drivstoff for buss, bil/tungbil, ein del ferger, kystfart og skipsfart elles, mm. Utbygging av infrastruktur for hydrogen er ei utfordring med liten marknad i starten og vekst over nokre år. Vidare må DSB vere handson då nulltoleranse for ulykker må vere kravet når hydrogensystem blir etablert i ein «massemarknad».

Lars Petter Øye er småkraftgrunder og medlem av styret i Småkraftforeinga.

Utstyr og system for elektrolyse, komprimering, lagring og transport av hydrogen har vorte nermast «hyllevare» med etterkvart fleire leverandørar. Vidare er det gjort ei rekke studiar på enkeltprosjekt, nemner nokre her.

  • Det har vore gjort mykje godt arbeid i hydrogenprosjektet i Hellesylt av mange og med etterfylgjande promotering og analyser der både Småkraftforeninga og andre har medverka. Prosjektrapporten konkluderte med hydrogenproduksjon i Hellesylt som ville avhjelpe innestengt kraft og med brukande hydrogenkostnad, med mål å kunne drive ferge på verdsarvfjorden Geirangerfjorden. Frå 2026 skal det iht Stortingsvedtak vere nullutslepp frå cruiseskip og ferger i verdsarvfjordane som nok vil gi utfordringer i Geirangerfjorden. Svakt kraftnett og krav til store mengder landstraum, laddestraum, mm om det framleis skal sigle cruiseskip på fjorden. Dyrt å bygge nye kraftlinjer til området.
  • I Hjørundfjorden, nabo til Geirangerfjorden, er det i gjeldande fergekonsesjon nermast spesifisert hydrogenferge for ferge nr, 2.
    Ålesund vil vere naturleg stad for hydrogenstasjon for leveranse til bil/tungbil og båt.. Hydrogen produsert på staden, eller transportert frå Hellesylt, Hjørundfjord eller?
  • I Nordfjord er det utført forprosjekt på hydrogenproduksjon, spesielt til Tine sitt behov, mm. Dette er knytta opp mot eir lokalt småkraftverk.
  • I Florø er hydrogenproduksjon for bruk til hurtigbåtstrekning utført forprosjekt for. Likeins bruk av biprodukta oksygen og varme. Også hydrogenleveranse til båt?

Og fleire muligheiter finns både på Sunnmøre/Nordfjord og andre stadar. Utgangspunktet for vurderingane/forprosjekta for desse og andre hydrogenprosjekt er lokale behov og muligheiter. Om aktuelle prosjekt her samhandlar vil dei og kunne vere start på hydrogeninfrastruktur for bil og båt Ålesund mot Bergen. Inntil marknaden er stor nok vil det vere behov for vesentleg statleg medfinasiering av både investeringar og drift.

Eg har tru på lokale initiativ og samhandling for å få hydrgeninfrastruktur i sving. Men nokon må ta initiativ/dra lasset, er det Hydrogenforum?

Lars Petter Øye

Styrmedlem i Småkraftforeninga



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog