Ole Gimmestad med Langedalselva Kraft til høgre og Moane Kraft til venstre. I bakgrunnen ser vi Traudalen Kraftverk på Rygg-sida av elva.

Kraftverksopning i Gloppen

(14/10/2019) Småkraftforeninga kan ynskje Langedalselva Kraft AS til lukke med den offisielle opninga av kraftverket. Kraftverket ligg i dobbelt forstand i eit område med stor tettheit av privateigde småkraftverk. Gloppen er ein av dei tunge småkraftkommunane i landet. I tillegg ligg Langedalselva Kraft samlokalisert med to andre kraftverk i same vassdraget. Inntaka ligg i 3 ulike sideelver.

Etter drift i snautt eit år, ville eigarane nyleg markere det nye kraftverket formelt med offisiell opning og festleg samvere i Busperstova – nybygd samlingslokale attmed inntaket til kraftverket. Kraftverket har ein installasjon på 1 MW og er eigd av 12 fallrettseigarar. Under opningsfesten var dei fleste leverandørane representerte i lag med grunneigarane. Det vanka blomar, gåver og gode ord om satsingsvilje, godt samarbeid og gode løysingar. Flest godord fekk primus motor – styreleiar og dagleg leiar i Langedalselva Kraft AS Ole Gimmestad.

– Vi skulle gjerne ha nytta ut vassressursane vår endå betre, seier Ole Gimmestad. Men vassdraget vårt er verna og kjem frå Naustdal – Gjengedal Landskapsvernområde. Og nedst i elva har vi ei strekning der laksen går opp. Dermed er det mange restriksjonar å tilpasse seg. Til gjengjeld har grunneigarane på Gimmestad/ Moane og naboane på Rygg no fått realisert i alt 3 kraftverk på 1 MW kvar. Vi slepp iallfall å vere uroa over det dramatiske framlegget frå Sanderud-utvalet om senkt grense for grunnrenteskatt, seier Ole.

Eit par år tilbake fekk grunneigarane opna det fyrste kraftverket – Moane Kraft i Breidalselva. Og seint i fjor haust følgde Langedalselva Kraft og Traudalen Kraftverk. Grunneigarane på Rygg har hovudeigarskapen i det siste. 3 kraftverk innanfor ein radius på ca. 50 meter må truleg vere Norges-rekord.

– Med stabil vassføring og mange driftstimar gjennom året vert produksjonen vår langt høgare enn normalt for kraftverk av denne storleiken, seier Ole Gimmestad. Kvart kraftverk kjem opp i ein årsproduksjon på 6-7 GWh, slår han fast. Med ca. 20 GWh i sum vert det litt dimensjonar over den nye kraftproduksjonen vår på Sørstranda, legg han til. Og vi treng mest mogleg ny, fornybar energi. I Breidalselva har vi enno eit lite unytta potensial innanfor regelverket om maks. 1 MW installert effekt. Dette arbeider vi med for å få løyve til full utnytting av potensialet, seier Ole til slutt.

 

Foto over: Ole Gimmestad med Langedalselva Kraft til høgre og Moane Kraft (Breidal) til venstre. I bakgrunnen ser ein Traudalen Kraftverk på Rygg.

 

 

 



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog