Grunnrenteskatt hovudtema på småkraftmøte i Spjelkavik 11. november

(31/10/2019) Det er venta fulle hus når Lars Petter Øye & co. i Småkraftforeninga Møre og Romsdal inviterer medlemmer og andre interesserte til fagmøte småkraft på Thon Hotel Baronen i Spjelkavik måndag 11. november kl. 18 - 21. Samarbeidspartnarane på kraftsal og forsikring deltek også. Hugs påmelding seinast 7. november.

Program 

  • Opning ved koordinator i interimsstyret for revitalisering av Småkraftforeninga Møre og Romsdal Lars Petter Øye
  • Skatteutvalet si innstilling pluss andre aktuelle småkraftsaker v/ dagleg leiar i Småkraftforeninga Knut Olav Tveit
  • Grunnrenteskatten – synspunkt frå ein praktikar v/ Egil Berge, Eidsdal Kraft
  • Forsikring av småkraftverk v/ v/ Jonas Pedersen, KLP
  • Pause med servering
  • Finansiering av nye kraftverk og refinansiering av kraftverk i drift v/ Knut Olav Tveit.
  • Erfaringar frå finansieringa av Dravlaus Kraft med oppstart i 2016 ved Ståle Hånes
  • Kraftsal v/ Barbro Årvik, key account manager i Skagerak Kraft AS, Småkraftforeninga sin samarbeidspartnar på kraftsal.
  • Ny Kraftlosen i 2020 – betra internkontroll- og kvalitetssystem v/ organisasjonsrådgjevar Terje Engvik. Kjem også innom FSE-kurs, høgspentansvarleg og drifstema med høve til spørsmål og diskusjon.
  • Neste møte i Småkraftforeninga Møre og Romsdal på nyåret – v/ Lars Petter Øye.

Vel møtt til småkraftmøte til alle småkrafteigarar, fallrettseigarar og andre småkraftinteresserte!

Av omsyn til serveringa må vi ha påmelding til organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje@smakraftforeninga.no innan 7. november.



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog