Egil Berge frå Eidsdal Kraft synte rekneark med berekningar for korleis resultata for kraftverket ville verte i ulike år utan og med grunnrenteskatt.
– Faktiske skattesatsar på langt over 100% er det ikkje mange som kan leve med over tid, streka han under. Og vi kan tydeleg sjå at det er byråkratane i Finansdpartementet som har ført utvalsinnstillinga i penna for utvalet, heldt han fram. Eg har vore i fleire møte med dei om grunnrenteskatten. Når eg viser dei reknestykka som går ut med over 100% skatt, nikkar dei og forstår samanhengen. Men i neste runde hevdar dei like hardnakka at kraftverk som er lønsame før grunnrenteskatt også er lønsame etter grunnrenteskatt. Det er utforståeleg for vanlege folk at dei kan kome unna med å snakke slik med to tunger, heldt han fram.
Til tross for uroa kring framlegget om å reduserte grunnrenteskattegrensa frå 10 til 1,5 MVa, hadde mange trua på at dette framlegget måtte verte gravlagt.
– Det er om å gjere at alle arbeider for å få lagt det daudt jo før jo heller, streka Knut Olav Tveit under. Framlegget har alt gjort stor skade og ført til aktivitetsbrems både hos fallrettseigarar, utbyggarar, leverandørar og bankar. Knut Olav Tveit oppdaterte forsamlinga på det intensiva arbeidet Småkraftforeninga no dreiv i lag med mange samarbeidspartar for å få politikarane til slå fast at grunnrenteskattegrensa ligg fast.
Finansiering, forsikring og kraftsal
Fagmøtet i Spjelkavik tok seg også tid til å komme innom andre aktuelle fagtema. Finansiering og refinansiering var eitt av dei tema som stod på programmet. Dette var sett opp like før grunnrenteskattebomba small. Etter framlegginga av framlegga frå utvalet hadde temaet mellombels missa topp aktualitet. Men styreleiar Ståle Hånes i Dravlaus Kraft i Volda tok ein interessant og optimistisk prega gjennomgang av korleis fallrettseigarane på Dravlaus hadde fått planlagt, realisert og finansiert kraftverket sitt i eigen regi med oppstart hausten 2016.
Småkraftforeninga sine samarbeidspartnarar på kraftsal og forsikring var også med på møtet. Barbro Årvik frå Skagerak og Jonas Pedersen frå KLP orientert om tilboda sine og var tilgjengelege for deltakarar som ville snakke nærmare med dei.