Sparebank: Grunnrenteskatt vil føre til ei betydeleg kapitaloverføring frå distrikta til staten

(26/11/2019) - Grunnrenteskatt er dårleg distriktspolitikk, slår administrerande direktør Trond Teigene og bransjeansvarleg kraft Arne Gravdal i Sparebanken Sogn og Fjordane fast. Politikarane må ha eit aktivt forhold til saka framover, der målet må vere å unngå at innslagspunktet for grunnrenteskatt blir endra, er standpunktet deira i dette lesarinnlegget:

“Skatteutvalet har i si innstilling kome med framlegg om å innføre grunnrenteskatt på småkraft. Grunnrenteskatt vil føre til ei betydeleg kapitaloverføring frå distrikta til staten.
Den nyare tids småkrafthistorie starta midt på 1990-talet, ved at lokale grunneigarar gjekk saman om å byggje småkraftverk rundt om i grendene. Det vart etablert aksjeselskap der grunneigarane gjekk inn med eigenkapital, som saman med låneopptak i lokale bankar gjorde det mogeleg å realisere prosjekta. Det var mykje nybrotsarbeid dei første åra, og den økonomiske risikoen var stor sjølv med moderate byggjekostnader.
Sparebanken Sogn og Fjordane har vore ein viktig aktør for finansiering av småkraft i heile den nyare småkrafthistoria. Banken finansierte det første småkraftverket i 1995, og har no utlån til småkraft på rundt 900 mill. kroner. I banken si låneportefølje er grunneigareigde kraftverk klart mest utbreidd også i dag, og dei ligg alle i Sogn og Fjordane eller tilgrensande område.
Banken har følgd næringa tett i desse åra. På inntektssida må næringa tilpasse seg skiftande rammevilkår, der kraftprisane blir påverka av internasjonale prisar på kol, gass, klimakvotar og vêrtilhøva både ute og heime. Kapitalkostnaden er den største kostnadsposten i kraftrekneskapen, og den varierer ikkje i takt med inntektene. Slik som banken kjenner næringa, kan vi slå fast at eigarane forvaltar resultatskapinga på ein god måte. I år med høge inntekter blir ein tilstrekkeleg del av overskota sette av til å tære på i periodar med svakare inntening. Grunneigarane får inntekter frå kraftverka gjennom falleige og gjennom utbyte frå overskotet når det er grunnlag for det. Vi ser mange eksempel på at inntekter frå kraftverka blir brukte til å vitalisere grendene, til dømes til modernisering av gardsdrifta for å skape attraktive bumiljø også for framtidige generasjonar. Vi meiner at småkraftsatsinga er eit viktig element for å halde liv i bygdene.
Innføring av grunnrenteskatt på småkraft vil føre til ei auka skatterekning på 39 % av berekningsgrunnlaget, og er utfordrande på fleire måtar. På oppdrag frå banken har eit revisjonsselskap rekna på effekten av grunnrenteskatt på eit tilfeldig vald kraftverk.
Taleksempel:
• Grunneigareigd kraftverk med normal årsproduksjon på 20 GWh.
• Moderat lånegjeld, der gjeldsbetjeningsevna er robust før grunnrenteskatt.
• Basis i årsrekneskapen for 2018, og deretter framskriving i perioden 2019–2029.
• Akkumulert grunnrenteskatt i perioden: 21 mill. kroner.
• Kraftverket si gjeldsbetjeningsevne vil endre seg frå å vere god til meir marginal med grunnrenteskatt.
I løpet av tolvårsperioden vil dette kraftverket ha betalt 21 millionar kroner i grunnrenteskatt til staten. Dette er kapital som elles ville ha blitt verande att i distriktet, anten som eigenkapital i kraftverket, eller i kombinasjon med utbyte til eigar. Vi ser mange eksempel på at dette er kapital som blir sett i arbeid slik at den skapar ny aktivitet i lokalmiljøet.
Grunnrenteskatt på småkraft vil over tid føre til at dei lokale eigarane vil sjå at dei får for lite att for å stå som eigarar av kraftverket. Andre vil bli tvinga til å selje kraftverket då alternativet er at dei må
tilføre selskapet ny kapital slik at skatten kan betalast. Vi vil sjå ei endring i eigarstrukturen på småkrafta, der eigarskapen i større grad forsvinn ut av distrikta. Grunnrenteskatt vil heller ikkje gje insitament for investering i ny småkraft, og vi går glipp av ny verdiskaping framover.
Oppsummert vil skatteutvalet sitt framlegg om grunnrenteskatt på småkrafta føre til ei betydeleg kapitaloverføring frå distrikta til staten. Vi vil også få ei endring i eigarstrukturen på småkrafta, der den lokale eigarskapen blir redusert. Innføring av grunnrenteskatt på småkrafta er dårleg distriktspolitikk. 81 % av storkraftproduksjonen i Sogn og Fjordane er eigd av selskap med hovudkontor utanfor fylket. Verdiskapinga frå småkrafta må vi få lov til behalde i distrikta, der vassresursane er.
Sparebanken Sogn og Fjordane vil oppfordre politikarane om å ha eit aktivt forhold til saka framover, der målet må vere å unngå at innslagspunktet for grunnrenteskatt blir endra.”



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog