Kurs på Småkraftdagane: FSE og ny Kraftlosen

(18/02/2020) Deltakarane på Småkraftdagane i Stavanger 30. mars til 1. april har høve til å få med seg aktuelle kurs for småkraftverksdrifta. På fagdagen onsdag 1. april går det to parallelle kurs etter lunsj: FSE-kurs for småkraftvakter og kurs i ny Kraftlosen for noverande og framtidige brukarar.

Dagfinn Nilssen holder FSE-kurs under Småkraftdagane 2018

Kraftlosen-kurset er gratis, medan det er kursavgift for FSE-kurset. Ein melder seg på kursa samstundes som ein melder seg på til Småkraftdagane. Har ein alt meldt seg på til Småkraftdagane, er det mogleg å endre påmeldinga om ein ynskjer kursdeltaking. Før lunsj denne tredje dagen av Småkraftdagane er det eit variert fagprogram. Fyrste dagen måndag 30. mars er NVE-dagen med besøk på flymuseum om kvelden. Dag to er hovuddagen med fag, politikk, årsmøte og bankettmiddag med Småkraftprisen. Ein kan melde seg på deltaking i ein, to eller 3 dagar.

Elsikkerheitsopplæring for småkraftvakter/ FSE-kurs: Dette kurset må alle småkraftvakter som skal kunne handtere vern og brytarar i kraftverket vanlegvis ta kvart tredje år for å tilfredsstille krava som DSB stiller. Kurset styrkar sikkerheita til småkraftvaktene ved å ta føre seg tema som farar ved el-anlegg, regelverket i forskrifter og verneutstyr og gir samtidig praktisk opplæring i førstehjelp med hjerte- /lungeredning. Kurset høver godt for alle som manglar dette kurset enno, eller som treng å fornye det etter 3 år.

Kurs i ny Kraftlosen: Eit par veker før Småkraftdagane skiftar Kraftlosen ham. Dokument vert liggjande som før i systemet for kraftverka, men grensesnitt og layout vert heilt annleis. Kraftlosen vil presentere seg betre, og vi får fleire moglegheiter. Dessutan får vi inn utfyllbar sjekkliste som ein ny funksjon. Det er mogleg å finne ut av funksjonane i ny Kraftlosen ved sjølvstudiar. Brukarrettleiinga i systemet er kraftig betra med info-videoar og detaljerte omtalar av funksjonane. Men ei kurssamling med demonstrasjon og eventuelt testing vil gjere overgangen lettast.

Spørsmål om kursa kan rettast til organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje@smakraftforeninga.no.

 



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog