Han fester grepet i Energi Teknikk

(27/02/2020) Kvinnheringen Eivind Tvedt kjøper seg opp i elmek-leverandøren Energi Teknikk i Rosendal. Det gjør også ledelsen i selskapet ved Arild Klette Steinsvik og Carine Klemmetsen.

Dette fremgår av en pressemelding du kan lese her:

Energi Teknikk AS er en veletablert leverandør av elektromekanisk utstyr til norske småkraftverk. Illustrasjonsfoto.

Carine Klemmetsen og Arild Klette Steinsvik kjøper gjennom sitt selskap AksInvest AS 21 % av aksjane i E.T. Holding mens Eivind Tvedt gjennom sitt selskap E. Tvedt AS kjøper 6 % av aksjane i E.T. Holding AS som er hovudeigar i Energi Teknikk. Seljar er det serbiske vasskraftselskapet Hidroistel doo. AksInvest og E. Tvedt sit no med eigarpostar i selskapet etter aksjeoverdraginga på henholdsvis 27 % og 40 %.

«Vi ynskjer å satsa vidare på Energi Teknikk og trur at lokalt eigarskap saman med kompetente medarbeidarar utgjer ein verdifull ressurs for selskapet som kundane våre vil nyta godt av» seier Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk AS.

«Energi Teknikk har opplevd sterk vekst dei siste åra kor selskapet blant anna no er midt i levering av nye kontrollanlegg til Leinafoss kraftstasjon for E-CO og utførelsesentreprise for bygging av Tokagjelet kraftverk for Clemens Kraft. Slike leveransar ut over ordinære elektromekaniske leveransar gjev medarbeidarane våre nye utfordringar og selskapet bygger ytterlegare kompetanse i slike leveransar» meiner Steinsvik.

Foto øverst i saken: Styreleder Eivind Tvedt i Energi Teknikk As er et kjent ansikt i småkraftbransjen. Sammen med ledelsen øker han nå sin eierandel i selskapet. 

Energi Teknikk i korte trekk:

  • Energi Teknikk AS har i dag 22 tilsette innanfor administrasjon, sal, teknisk, prosjektstyring og installasjon. Selskapet har levert elektromekanisk utrusting til over 160 småkraftanlegg i Noreg.
  • Selskapet vart etablert i 1998 og har lagt ned eit betydeleg arbeid på produktutvikling og framstår i dag som ein totalleverandør av elektromekanisk utrusting til småkraftbransjen. Bedrifta tilbyr også service- og oppgraderingsoppdrag til småkraftverk og har døgnbemanna vaktordning.
  • Energi Teknikk har ein solid marknadsposisjon i Noreg og marknadsutsiktene vert vurdert som aukande med stor etterspurnad etter produkt og tenester. Energi Teknikk held til i Rosendal, Kvinnherad kommune. Bedrifta omsette i 2019 for 160 MNOK og har ein ordrereserve på om lag 200 MNOK.

Mer om de som nå kjøper seg opp i selskapet: 

  • Carine Klemmetsen er tilsett i Energi Teknikk som leiar for sal og marknad
  • Arild Klette Steinsvik er tilsett i Energi Teknikk som dagleg leiar
  • Eivind Tvedt er tilsett som forretningsutviklar og er styreleiar i Energi Teknikk


Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog