Kraftlosen i ny drakt

(27/03/2020) Brukarane av Kraftlosen får no i mars/ april overgang til eit heilt nytt bilete på skjermen ved innlogging.

Overgangsdatoen var fastsett til 11. mars. Men det måtte til nokre justeringar hos systemleverandøren vår. Den nye versjonen er klar og vert lansert så snart det let seg gjere i den ekstraordinære arbeidssituasjonen som har oppstått pga. Korona-viruset og heimekontor overalt – inklusive hos systemleverandøren vår.

Terje Engvik i Småkraftforeninga.

I den nye versjonen av Småkraftforeninga sitt web-baserte internkontroll- og kvalitetsstyringssystem Kraftlosen ligg alt fellesstoffet og dokumentasjonen til det enkelte kraftverk ligg inne som før. Men systemet har blitt modernisert og blitt meir brukarvennleg, fått heilt ny layout og fleire funksjonar. Den viktigaste av desse er utfyllbar sjekkliste.

Sjølv om systemet vert betre, vil brukarane måtte setje seg inn i ny navigeringsmåte i systemet. Brukarrettleiingane i Kraftlosen er no kraftig betra – med videoar og info-ark som forklarer prosedyrar. Ein kan dermed ta i bruk ny Kraftlosen med sjølvstudium. Men for mange vil det vere ein fordel med ein grundig presentasjon av dei nye funksjonane.

Med avlysinga av Småkraftdagane som følgje av Korona-situasjonen går eit planlagt kurs i ny Kraftlosen i Stavanger ut. Men alle Kraftlosen-brukarane har fått tilsendt rettleiing frå Småkraftforeninga om korleis ein lettast kjem i gang med den nye versjonen. Vi startar no med sjølvstudium kombinert med support frå Småkraftforeninga. Så får vi vurdere kurstrongen nærmare etter kvart. For nye Kraftlosen-kundar vil Kraftlosen som før bli levert inkludert ein halv dags opplæringskurs der det praktisk let seg gjennomføre.

Kraftlosen tilfredsstiller tilsynsstyresmaktene sine krav til internkontrollsystem med skriftlege rutinar. I Kraftlosen får brukarane eit funksjonelt avvikshandsamingssystem og samla oversyn over alle lover og forskrifter som kraftverka pliktar å ha kjennskap til og rette seg etter. Vidare er det lagt til rette for fleksibel innlegging i systemet av kraftverket sine eigne dokument som dokumenterer anlegget og rutinane det vert drive etter. Og det nye no er utfyllbar sjekkliste, som også kan nyttast på smarttelefon ved vaktrundar i kraftverket.

For nærmare informasjon kontakt:

Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik , tlf. 97517111, e-post terje@smakraftforeninga.no



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog