Av Thomas Førde
Åtte ulike lovtekstar i den såkalla rein-energi-pakka er vedtekne av EU, men dei er ennå ikkje handsama i Norge. Her i landet er me nett ferdige med den førre, den såkalla 3. energipakke, som EU vedtok i 2009. Den prosessen tok mange år her i landet. Men med tida vil delar av den nye EU-pakka få konsekvensar for rein og fornybar norsk kraftproduksjon.
Adrian Mekki i Thema Consulting følger utviklingen i Europeisk fornybarpolitikk.
To lovtekstar er særleg relevante for småkraftnæringa i Norge. Den eine gjeld revisjon av fornybardirektivet i EU. Den andre gjeld revisjon av el-marknadsdirektivet, som gir reglar for korleis el-marknaden skal byggjast opp.
Mange nye aktørar
El-marknadsdirektivet introduserer fleire nye aktørar som kan delta i kraftsystemet og beskriv prinsippa for korleis desse skal sikrast rettferdig tilgjenge til alle kraftmarknadene.
–Regelverket skal tilpassast ei ny verkelegheit som har utvikla seg i Europa. Der har kome til mange småskala produsentar av solkraft og ein raskt aukande vindkraftkapasitet, seier Adrian Mekki. Han er seniorkonsulent i Thema Consulting Group, som lagar analysar og gir råd om tilpassingar til den europeiske energimarknaden.
Mekki peikar på at den veksande mengda av sol- og vindkraft i Europa, utgjer ein uregulert el-kraftproduksjon, og at dette gir nye utfordringar for nettselskap og reguleringsmyndigheiter.
– Samtidig oppstår nye mogelegheiter til fleksibilitet hos forbrukaren. Dette skjer mellom anna på grunn av smarte straummålarar, batteri og automatisk styring av hushaldingsapparat som til dømes varmtvasstankar.
Nasjonalstaten avgjer
Alle nye aktørar og roller i kraftsystemet blir omtala i el-marknadsdirektivet på overordna og prinsipielt vis frå EU si side. Deretter blir det opp til kvart medlemsland å regulera tilhøva kring desse nye aktørane si deltaking i kraftmarknaden, seier Mekki.
I følgje dei reviderte direktiva frå EU, skal kvar nasjonalstat leggja til rette for ein kraftmarknad som er forbrukarorientert, ikkje-diskriminerande og fleksibel.
–Desse prinsippa må også liggja til grunn når Norge skal utforma reglar og forskrifter knytt til nett og avgifter for nye aktørar, som til dømes lokale energisamfunn, seier Adrian Mekki.
Fornybare energisamfunn
Eit fornybart energisamfunn i EU si tyding er ifølgje Mekki ei juridisk eining sett saman av lokale aktørar som har rett til å produsera, selja og lagra energi og i tillegg kunne dela energi mellom eigne medlemmer. I høve til elmarknadsdirektivet kan kvart medlemsland også opna for at energisamfunn kan byggja, eiga og drifta kraftnett. Energisamfunn skal ha rett til å delta i alle relevante energimarknader på ein ikkje-diskriminerande måte. Men det blir og presisert at alle deltakarane i energisamfunnet ikkje skal få fritak for relevante nettkostnader, avgifter eller skattar.
Eigartilhøve og verdiskaping
–Her er fleire komplekse spørsmål som må avklarast, seier Adrian Mekki. Han seier vidare at nokre småkraftverk truleg kan definerast som ein del av eit såkalla fornybart energisamfunn. Det er tre sentrale vilkår som må oppfyllast for å kunne definera seg som eit fornybart energisamfunn.
–Eit EU-krav er at slike energisamfunn skal kontrollerast av eigaren som held til i, eller i nærleiken av kraftverket. Vidare skal dei eigast og styrast av enkeltpersonar eller små føretak eller lokale styresmakter. Det tredje kriteriet er vanskelegast å tolka, men inneber mellom anna at eit fornybart energisamfunn skal skapa verdiar for miljøet og for lokalsamfunnet framfor å skapa finansiell profitt. Alle desse kriteria skal fortolkast og konkretiserast av norske lovgivande styresmakter, seier Adrian Mekki.
–Kva med storleiken på kraftverket?
–Det ligg inga avgrensing her i EU sine revisjonar. Dei legg meir vekt på kven som eig og kontrollerer selskapet og kva som er føremålet.
Kan gi redusert nettleige
–Kva fordelar får ein ved å koma innunder definisjonen til fornybare energisamfunn?
–Det er heller ikkje heilt klart, men avhengig av korleis dette blir definert nasjonalt. Men utgangspunktet for EU er å stimulera til lokalt samarbeid i fornybare energisamfunn og at desse skal gi meirverdi for kraftsamfunnet som heilskap. Dersom nettselskapet kan unngå utgifter til nye investeringar i energisamfunnet sitt område, blir det ein felles verdi som kan gi redusert nettleige for alle.
–Kan lokale energisamfunn kopla seg heilt fri frå hovudnettet og dermed sleppa å betala avgifter og nettleige?
–Det er ikkje eksplisitt omtalt i fornybardirektivet og er difor vanskeleg å svara på. Eit element som kanskje talar imot ei slik tolking er at deltaking i eit energisamfunn skal vera frivillig og at medlemmene skal ha høve til å melda seg ut. Dermed må det finnast eit alternativ, noko som oftast vil vera kraftforsyning via nett-tilknyting, seier Mekki, som også kan visa til eit interessant unnatak når det gjeld avgifter:
Om aktive forbrukarar, såkalla prosumentar, seier EU at ein ikkje kan påleggja avgifter dersom produksjonen er mindre enn 30 kilowatt. Dette er typisk retta mot hushald med solceller på taket, som brukar deler av produksjonen sjølv, og sel overskotsproduksjonen i kraftmarknaden.
Pålegg om kjøp av opphavsgarantiar
Opphavsgarantiar kan gi nye mogelegheiter for småkraftverk. I dei nye lovtekstane frå EU, får kraftleverandørar som tilbyr rein og fornybar el-kraft til sine kundar, pålegg om å kjøpa opphavsgarantiar for tilsvarande volum som dei marknadsfører som fornybar.
–Dette kan gi auka etterspørsel etter opphavsgarantiar i Europa. Opphavsgarantiar kan dessutan kjøpast hos både vasskraftverk og vindkraftverk, utan omsyn til kraftverka sin storleik.
Regelverket på dette området er blitt styrka. Før har dette vore frivillig for kraftleverandørane, seier seniorkonsulent Adrian Mekki.
Han legg til at det dessutan er mogeleg for kundane å spesifisera kor opphavsgarantiane skal kjøpast frå, geografisk og kva storleik anlegget skal ha.
Etter Stortingsvalet neste år
– Det er fint at EU driv fram nye lovar og direktiv for meir rein, fornybar energi og for energieffektivisering. Særs spennande er det å følgja satsinga på digitalisering og på småskala-produksjon ved hjelp av sola, seier stortingsrepresentant Ketil Kjenseth (V). Han er leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Kjetil Kjenseth fra Venstre er leder i Stortingets Energi- og miljøkomite.
Kjenseth seier vidare at dersom ein ser på bruken av fornybar energi i høve til den totale energibruken ligg Norge langt føre EU.
–Me er langt framme innan elektrifisering, godt frampå i digitalisering og me er langt framme også når det gjeld småskala, fornybar energiproduksjon, seier leiaren i energi- og miljøkomiteen og held fram:
–I Norge brukar me nå mest tid på å arbeida oss saman med EU når det gjeld å nå måla i Paris-avtalen, som å kutta utslepp og halda oss under målet om maks to graders oppvarming. Me implementerte den tredje rein-energi-pakka om lag 10 år etter EU. Kva delar me skal innføra frå den fjerde, er ein debatt som me ikkje har starta på enda. Eg trur ikkje det blir særleg framdrift i dette arbeidet før tidlegast etter Stortingsvalet i 2021.
Digitalisering i Norden
Kjenseth peikar dessutan på at Norge jobbar tett med dei nordiske nabolanda om energisamarbeid.
–Me har ein felles kraftmarknad, kraftbørs og mykje felles samarbeid for å stimulera til meir fornybar energiproduksjon, til standardisering og regulering. Eg arbeider for at me skal halda fram med dette gode samarbeidet og særleg satsa på digitalisering dei neste åra. Det vil halda Norden i front innan elektrifisering, noko som i neste omgang kan redusera trongen for store investeringar i delar av straum-nettet, seier leiaren i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
Illustrasjonsfoto over saken: Svardøla kraftverk i Sogn og Fjordane.