Her er invitasjonen frå Lars Petter Øye i Ørsta som også er styremedlem i Småkraftforeninga sentralt:
Til hausten vil Småkraftforeninga Møre og Romsdal halde fagmøte der hovedtema vil vere å få meir ut av tilsiget i mengde og pris.
I samarbeid med Småkraftforeniga sine ressursar sentralt og eksterne aktørar vil vi fokusere på kva meirverdi magasin for småkraftverk vil kunne gi.
Med stikkord som vurdering av magasinmuligheiter, er det i nokre tilfelle aktuelt å kombinere med flaumdemping, kva meirproduksjon er det rimeleg å anta med magasin, kva med betre prisar ved å nytte prisvariasjonar og andre aktuelle effektar.
Med etter kvart meir sol- og vindkraftproduksjon i kraftsystemet både på land og ikkje minst til havs så vil truleg kraftprisane i vindfulle periodar bli dregne ned og kanskje til negativ pris. Då vil det vere av endå større verdi å ha magasin og kunne flytte litt på produksjonen.
Det er sjølsagt ikkje alle stadar det kan etablerast magasin, men vi håper å kunne gi oversikt og inspirasjon for vidare analyse for den som vil sjå nærare på muligheitene sine.
Vi vil og kort vere innom kva muligheiter elektrolyse til hydrogen kan gi som buffer/korttidslagring på sikt og som element for å redusere tap i kraftnettet i høgproduksjonsperiodar.
Så håper vi Korona-situasjonen blir slik til hausten at vi kan gjennomføre fagmøtet. Viss ikkje kan vi ta det som webinar?
For Småkraftforeninga Møre og Romsdal
Lars Petter Øye
Bilete: Eit magasin kan gje gode ekstrainntekter. Her ser me eit bilete av dammen for inntak av vatn på småkraftverket Mork i Lærdal.