Alt fellesstoffet og dokumentasjonen til det enkelte kraftverk ligg inne som før. Men systemet har blitt modernisert og blitt meir brukarvennleg, fått heilt ny layout og fleire funksjonar. Den viktigaste av desse er utfyllbar sjekkliste.
Brukarrettleiingane i Kraftlosen er no kraftig betra – med videoar og info-ark som forklarer prosedyrar. Ein kan dermed ta i bruk ny Kraftlosen med sjølvstudiar sjølv om sjølvsagt held kurs om den nye versjonen. Kraftlosen tilfredsstiller tilsynsstyresmaktene sine krav til internkontrollsystem med skriftlege rutinar. I Kraftlosen får brukarane eit funksjonelt avvikshandsamingssystem og samla oversyn over alle lover og forskrifter som kraftverka pliktar å ha kjennskap til og rette seg etter. Vidare er det lagt til rette for fleksibel innlegging i systemet av kraftverket sine eigne dokument som dokumenterer anlegget og rutinane det vert drive etter. Og det nye no er utfyllbar sjekkliste, som også kan nyttast på smarttelefon ved vaktrundar i kraftverket.
For nærmare informasjon kontakt:
Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik (biletet) , tlf. 97517111, e-post terje@smakraftforeninga.no