Bjarte går for gull

(29/05/2020) Brødrene Dahl Vasskraft vert Hywer As og satsar på å ta ein større andel av det aukande norske markedet for utbygging av ny, fornybar vannkraft.

Det gjeng fram av ei pressemelding som du kan lese her:

I år og de neste par åra vert det investert 8-9 milliarder kroner i ny småkraft. I tillegg kjem oppgraderingar og utvidelsar av større kraftverk. Hywer har 14 totalentrepriser på ferdige kraftverk under bygging. I tillegg leverer selskapet rør og anna utstyr til eit fleirtal av dei totalt 60 prosjekta som no er under bygging i Norge.

-Vannkraftmarkedet er i vekst og prega av høg aktivitet. Vi reindyrkar satsinga og vil utvide aktiviteten ytterlegare dei komande åra. Vi meiner at den beste måten å gjere dette på er ved å opprette Hywer som eit eige selskap, seier Bjarte Skår (bildet), administrerande direktør i Hywer.

Mange andre næringar er prega av stillstand i samband med smittevernsituasjonen, men dette gjeld ikkje for småkraftutbyggjarane.

-Dette er det grøne skiftet i praksis. Fornybar vannkraftutbygging peikar framover mot kva vi skal leve av i Norge dei komande tiåra. Det ynskjer vi i Hywer å vera ein del av, seier han.

BD Vasskraft vert skilt ut som eige aksjeselskap frå 1. juni 2020 og får namnet Hywer AS, som gjenspeglar selskapets fokus på «Hydropower». Hywer vert 100% eigd av Brødrene Dahl AS.

Hywer har frå starten 31 tilsette og eit sal på over 500 millionar kroner årleg. Hovudkontoret vil fortsatt være lokalisert i Dale i Sunnfjord med lokalkontor i Bergen, Trondheim og Ulefoss. I tillegg til leveransar i samband med utbyggingar leverer selskapet drift og teknisk utsyr til kraftverk i drift. Hywer leverer vidare tunnelboring for vannveg i fjell. Totalt har Hywer erfaring frå over 500 norske og internasjonale vannkraftprosjekt.

-Hywer AS vil framleis gjennom konsernet Dahl Optimera Norge nyte godt av dei synergiar og tryggleik ein slik konsernstruktur gir. Og vi vil fortsette vår innovasjonstakt i lag med våre samarbeidspartnerar, og fortsette å vise vår fleksibilitet og gjennomføringsevne, seier Skår.

For meir informasjon kontakt:

Bjarte Skår, administrerande direktør – telefon: 950 40 585
Asbjørn Vennebo, styrets leiar – telefon: 952 69 825



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog