Is i magen eller grunn til panikk?

(05/08/2020) Jubelen har stilna i småkraftnæringa over at grunnrenteskatten vart avlyst før sist årsskifte. Når straumprisen nærmar seg null, så er det ei mager trøyst at ein produserer for fullt og at renta går nedover. Ingen spåmenn i 2019 predikerte den situasjonen som vi no står i. Dette er regelen meir enn unntaket etter mi erfaring. Det er for mange variablar i denne store likninga til at prognosemakarane klarer å levere treffsikre spådommar. Stabilt ustabilt er mi prognose – også for tida som kjem, det skriver Petter Sætre i Sparebanken Møre i denne kommentaren.

Vi forventa ikkje noko uføresett når vi starta optimistisk på 2020. Slik har det alltid vore med det uføresette. Den jamne og beine prognosen vi ser framover blir ofte erstatta av svingete berg-og-dal- baner og omkøyringar når vi kjem fram dit. Fleire gonger dei siste 20 åra har utviklinga i bransjen snudd frå jubel til krisestemning på få månader. Og heldigvis også omvendt. Vi har hatt «sjokk» både hydrologisk, finansielt og ikkje minst politisk. Næringa har lært seg til å tole ein del juling.

Vi bur på ei halvøy ilag med Sverige som har vore rik på vind og nedbør siste månadene. For mykje av det gode rett og slett. Nedbøren hittil i år i Noreg er nesten 60 % høgare enn «normalen», og har ført til straumprisen i Noreg første halvår til ein botn-nivå i dette hundreåret. Ei rein og fantastisk ferskvare på billegsal.

90 % prisnedgang i forhold til same veka i 2019 gjer at mange småkraft-eigarar no med god grunn har «låkt i magen» som vi seier på Sunnmøre. Så får vi prøve å kompensere med «is i magen», og kvar for oss fokusere på det som vi faktisk kan gjere noko med.

Likviditet, likviditet og likviditet

Driftsmessig så må fokus for kvar enkelt vere å halde anlegget i orden og produsere for fullt. I alle fall så lenge straumprisen er eit par-tre øre høgare enn innmatingsavgifta.

ALLE anlegg får problem med å betene utgifter og lån med løpande driftsinntekter med det prisnivået vi har no. Då må det tærast på oppsparte midlar for dei som har klart å sette av det. Samtidig må alle ta tak i utgiftssida.

Petter Sætre i Sparebanken Møre har vore med på å realisere småkraftdraumen for mange grunneigarar på nordvestlandet. Her framføre Brunstad Kraft i Sykkylven.

Først og fremst open og tidleg dialog med bankforbindelsen. Avdragsfritak er første tiltak. Ta litt godt i med lengda på avdragsfri periode, kneika kan bli lang, og kredittprosessen er gjerne tyngre i «andrerunden». Så er det lurt å ha med til banken ei lita liste over tiltak som eigarane sjølve bidreg med. Sjekk «smørbrødlista» i medlemsskrivet 26. mars 2020 (på e-post) frå Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga. Mange gode tips der. Ein del kostnader kan setjast av og førast som kortsiktig gjeld (betaling etter nærare avtale med leverandør/kreditor så klart). Eksempel kan vere lønn til eigarane og fallrettsleige. Utbytte bør ikkje utbetalast, sjølv om det er vedtatt for 2019. Det er i så fall eit dårleg vedlegg til søknad om avdragsfritak. Dersom avdragsfritak ikkje er tilstrekkeleg så kan ein vurdere fullstendig terminoverhopp i ein periode, der rentene blir kapitalisert på lånet.

Renter – korte og lange – tid for å sikre litt?

Dei fleste anlegga har lånerente som er marginbasert – knytt til 3 mnd. NIBOR. Då har lånerenta «automatisk» gått ned med om lag 1,50 %-einingar sidan årsskiftet. Det hjelp litt. Corona-effekten i økonomien har også pressa ned dei lange rentene i heile verdensøkonomien, også i Noreg. Det er no tid for å vurdere å rentesikre ein del av lånet på nivå som er historisk låge.

Vår oppfatning er at rentesikring er risikodempande både for eigarane og for bankane, og at det difor kan vere naturleg å forhandle om lågare rentemargin på lånet dersom deler av gjelda vert rentesikra.

Straumpris og hydrologi – behov for nye sikringsinstrument?

Heilt fram til jula 2019 kunne ein sikre straumsal for levering i 3. kvartal 2020 på over 30 øre. Men det var nesten ingen som gjorde det. Ein grunn kan vere at dette er litt vanskeleg terreng for enkelte kraftverkseigarar. Mange er også med god grunn redd for hydrologien – det er surt og risikabelt å ha fastprisavtale i ein periode der elva etter kvart viser seg å vere tørr. Men dei fleste avstod nok frå å sikre hausten 2019 fordi dei trudde og håpa at spotprisen skulle bli høgare enn terminprisen.

Dette kan vere eit område å sjå litt nærare på framover. Kanskje kan Småkraftforeninga ta initiativ og forsøke å forhandle fram ein «kollektiv» avtale for medlemane, der det er høve til å sikre både pris og volum for ein del av den forventa produksjonen? Med geografisk spreiing på anlegga vil den hydrologiske risikoen vere meir handterbar for ein motpart. Vi har vore med og finansiert anlegg som hadde 8 års fastprisavtale (med Statkraft som motpart), for 50 % av estimert årsproduksjon uavhengig av faktisk produksjon i perioden. Statkraft tok dermed også 50 % av volumrisikoen for dei. For mange selskap ville ein slik sikker og jamn inntektsbase botn vore ei god tryggheit.

Verdien i andrehandsmarknaden – den største trøysta og freistinga

Vi ser at mange aktørar, både norske og utanlandske, fortsett har appetitt på å kjøpe vasskraftverk her i landet. Prisane er fortsett gode, og fleire transaksjonar er gjennomført siste tida som indikerer det. Langsiktige investorar ser «gjennom» den hydrologiske spesialsituasjonen vi har denne våren, og nedgangen i det langsiktige rentenivået er meir enn kompenserande for det kortsiktige «krisenivået» på straumprisen. Det verkar også som det er aktørar som er villige til å betale litt «overpris» for eit reint, norsk vasskraftverk som «grønt alibi» i porteføljane sine.

Det er lov å tenkje at alle sorger vert sløkt ved å selje anlegget og få «sikre» pengar på konto. Likevel så vil eg oppmode til å halde både hovudet og magen kjøleg, og bruke god tid i prosessen. Eit sal er ei avgjerd for lang tid framover, gjerne 40-50 år, og må vere motivert av anna enn panikkanfall og kortsiktig likviditetsbehov. Det blir nok ei lysning der framme denne gongen også.

 

Om artikkelforfattaren

Petter Sætre er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole.  Gjennom sitt arbeid som småkraftansvarleg i Sparebanken Møre er han eit godt kjent namn for dei fleste småkrafteigarar på nordvestlandet. 

 

 



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog