Auka interesse for nye kraftlosen

(16/09/2020) Småkraftforeninga har registrert auka interesse for Kraftlosen etter at den nye og oppdaterte versjonen med fleire moglegheiter vart lansert i april.

Terje Engvik er kontaktperson for Kraftlosen.

I haust vil foreninga prioritere arbeid med bruken av den nye versjonen – både i høve til eksisterande Kraftlosen-kundar og i høve til nye brukarar som har meldt interesse for dette internkontroll- og kvalitetsstyringssystemet. Kraftlosen fyller fullt ut krava styresmaktene set til eit skriftleg internkontrollsystem, som alle verksemder er pålagde å ha.  Ei av oppgåvene med Kraftlosen i haust vert å medverke til at dei småkraftverka som ynskjer det, får tatt i bruk den nye, utfyllbare sjekklista som ligg i det nye systemet.

For etablerte Kraftlosen-brukarar er innlogginga via nettsida til Småkraftforeninga den same som før, like eins ligg alt fellesstoffet og dokumentasjonen til det enkelte kraftverk inne som i den tidlegare versjonen. Men manøvreringa er annleis. Systemet har blitt modernisert og blitt meir brukarvennleg, fått heilt ny layout og fleire funksjonar. Dessutan har dei innebygde brukarrettleiingane i Kraftlosen blitt mykje betre – med videoar og info-ark som forklarer prosedyrar. Det er dermed mogleg å ta i bruk ny Kraftlosen med sjølvstudium, sjølv om det for mange er best med ein kurs-gjennomgang, spesielt for nye brukarar.

Småkraftforeninga svarer på alle store og små spørsmål om internkontroll og Kraftlosen.

Kontaktperson:

Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 97517111, e-post terje@smakraftforeninga.no

Bildetekst: Ny Kraftlosen er brukarvennleg og gir nye moglegheiter.



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog