Den norske småkraftrevolusjonen på 2000-tallet er i tufta på falleigarskapet. Lokale bønder og grunneigarar såg moglegheiter og evna å tenke nytt.
Med støtte frå styresmaktene og organisasjonar i sivilsamfunnet tok bonden fatt. Resultatet blei 1400 kraftverk og 9 TWh fornybar straum. De siste 2-3 TWh’ane er konsesjonsgitte og enno ikkje bygde, men utbygginga gjeng for fullt!
Siste utgåva av Småkraftnytt (les her!) handlar mykje om korleis falleigaren bidreg til lokal busetting og løysinga på klimakrisa. Det gjer han om han eig kraftverket sjølv eller leiger det ut til andre med privat avtalt heimfall. Og hugs: Fallretten, arvesølvet, ligg til garden. Og slik skal det sjølvsagt i regelen vere.
Knut Olav Tveit
Dagleg leiar
Småkraftforeninga