Kva veg går kraftprisane- og prisinga av kraftverk?

(20/10/2020) Kraftprisprognosar og den store interessa for kjøp av småkraftverk stod i fokus under det årlege småkraftseminaret som Fjord Energi og Tussa nyleg arrangerte i Loen for kraftleverandørane sine og inviterte gjestar. I tillegg fekk deltakarane gjennom eit digitalt foredrag frå Daniel Kulin i Svensk Vindkraft eit innblikk i korleis vindkraftutbygginga i Sverige kunne påverke kraftbalansen i Norden framover.

«Annus horribilis – kva med 2021?» var tittelen på det fyrste foredraget til marknadsanalytikar Olav Botnen frå Wattsight (bilete øvst i saka). Han tok i løpet av seminardagen føre seg alle faktorane som verka inn på kraftprisen både på kortare og på lengre sikt. 2021 stod fram som «den sorte svane», der både hydrologiske tilhøve og fleire andre faktorar hadde verka saman og ført til priskollaps. Men Botnen såg teikn til betring – noko for dei aller næraste åra, og endå meir på lengre sikt.

Nøkkelpersonar og arrangørar, frå venstre: Senior analytikar Olav Botnen, Wattsight, avdelingsleiar Tor Havåg, Tussa Energi, dagleg leiar Monica Heggheim, Fjord Energi, administrerande direktør Elling Dybdal, Tussa Energi og styreleiar Olav Fuglestrand, Fjord Energi.

Og det er vel nettopp dette potensialet som er ein av grunnane til den store interessa som er registrert for kjøp av kraftverk i år. Dette var det andre hovudtemaet som Tussa og Fjord Energi hadde sett opp på programmet i år. Administrerande direktør Elling Dybdal i Tussa Energi og styreleiar Olav Fuglestrand i Fjord Energi gjekk gjennom moment og problemstillingar som er viktige i fall ein småkrafteigar vurderer sal av kraftverket eller aksjar i kraftverket.

– Vi er godt nøgde med oppslutninga om arrangementet, seier dagleg leiar Monica Heggheim i Fjord Energi. Dette arrangementet i lag med samarbeidspartnaren vår Tussa har 10 års jubileum i år. Over 60 frammøtte no i koronatidene er bra. Fjord Energi omset kraft for lokale småkraftverk. Selskapet er eigd av småkraftprodusentar.

– Vi legg vekt på å gi leverandørane våre god informasjon og rådgjeving og held i tillegg til dette årlege, store seminaret fleire fagsamlingar for dei som leverer kraft til oss, held Monica Heggheim fram. Eit viktig tema mange er opptekne av i dette spesielle året, er spørsmålet om prissikring, noko Fjord Energi alltid har hatt fokus på.

Det større energiselskapet Tussa Energi høver også godt inn i småkraft-settinga, peika Elling Dybdal på då han innleiingsvis i foredraget informerte om Tussa. – Det store fleirtalet av produksjonseiningane våre fell under storleikskategorien småkraftverk, viste oversynet over kraftverk eigde av Tussa.

Bilete øvst i saka: Marknadsanalytikar Olav Botnen frå Wattsight orienterte om prisutsikter på kortare og lengre sikt



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog