Spesialrådgjevar Øystein Grundt i Småkraftforeninga Møre og Romsdal vil ta føre seg reguleringsmagasin i småkraftverk. Frå Tussa Energi stiller avdelingssjef Tor Havåg med temaet automatisering av tilsigsprognosar. Ellers vil det bli orientert om ny Kraftlosen og anna nytt frå Småkraftforeninga og samarbeidspartnarane til foreninga.
For dei småkraftverka som kan ha føresetnader for eit reguleringsmagasin, kan magasin vere svær interessant økonomisk, ikkje minst no når meir vind- og solkraft i marknaden kan føre til større prisvariasjonar. Nytt gjerne dette høvet til å få informasjon om temaet og bli oppdatert på andre aktuelle småkraftsaker!
Arrangementet vert halde med dei nødvendig smitteverntiltak. Alle som vil delta, må melde seg på på førehand. Påmelding til:
Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje@smakraftforeninga.no seinast innan 13. november.
Vel møtt til småkraftmøte til alle småkrafteigarar, fallrettseigarar og andre småkraftinteresserte!
Illustrasjonsfoto