Reguleringsmagasin for Småkraftverk kan gi meirverdi i mengde og pris

(20/11/2020) Lokalforeninga i Møre og Romsdal fokuserte på hovedtema Få meir ut av tilsiget på Småkraftmøtet i Ørsta 17.11.2020.

Øystein Grundt, no spesialrådgivar i Småkraftforeninga har engasjert seg i temaet i mange år. Han informerte om muligheiter, regelverk og søknadsgrunnlag, mm for å etablere magasin i Småkraftverk. Han viste vidare berekningar for auken i nyttbar vassmenge og produksjon ved ulike magasinprosentar. Det var og vist eksemplar på magasinering med låge utbyggningskostnadar som då vil gi god meirverdi.

Tor Havåg frå Tussa Energi informerte om testing av automatisk prognosering som har gitt vesentleg forbedring av prognosane ved elvekraftverk. Tussa er og i gang med testing av system som i tillegg vil gi automatisk oppdatert køyreplan. Pt er det testa mot eit magasinverk med relativt stort magasin, men skal og teste optimalisering mot verk med mindre magasin.

Møtet blei halde på hotel Ivar Aasen med 20 tilstades. Men på grunn av korona så la vi til rette for å kunne delta på nettmøte/Teams, på det hadde vi 15 tilknytte. Vi fekk god tilbakemelding på dette opplegget.

Internkontroll, avvikshandtering og kvalitet er viktig for å følge regelverk  og ha mål om optimal drift av småkraftverket. Terje Engvik viste og orienterte om den nye Kraftlosensystemet. Vidare minte Engvik om fristen om å oppdatere seg på FSE-kurs kvart 3. år og at det vil bli invitert til det i 2021.

Då det på grunn av koronaen er mindre reiseverksemd på samarbeidspartnarane Skagerak og  March/KLP så blei det vist presentasjonar frå desse.

Øystein Grundt viste verdien av lokalt falleigarskap og at store deler av verdiskapinga i småkraftbransjen ligg igjenn lokalt. Det har vore bygd mykje småkraftverk, i år er det 64 under bygging, 300 gitte konsesjonar ventar på bygging og det er vidare eit stort unytta potensiale. Med horisont fram til 2030/40 så er prisprognosene gode, sjøl om prisane no er begredelge, i stor grad på grunn av uvanlig høg hydrobalanse.

Lars Petter Øye

Leiar i Småkraftforeninga Møre og Romsdal



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog