Då har det vore årsmøte i Småkraftforeninga, og det kom inn to nye styremedlemmer. Når det kjem inn to, går det også ut to. Dei som takka for seg i år var Atle Støyva frå Byrkjelo og Lars Petter Øye frå Ørsta.
Atle Støyva
Atle Støyva
Takk for den fantastiske innsatsen Atle har bidrege med i Småkraftforeninga dei åra han sat i styret. Atle er svært kunnskapsrik. Som orienteringslaupar har han trena både hjarta og hjerne, og vi som sat i styret med han merka at han var tvers i gjennom sprek. Eg trur han fort hadde enda opp som ein eller annan slags tal-professor, om han ikkje hadde enda opp som mjølkebonde på Byrkjelo.
Atle er alltid roleg, avbalansert, og i godt humør, sjølv om Finansdepartementet har prøvd å gjera livet hans surt i åravis.
Atle har verkeleg erfart korleis grunnrenteskatten kan slå ut. I Bondebladet den 03.06.2011 stod det at Byrkjelo Kraft måtte betala 141% resultatskatt, og i tillegg måtte dei betala eigedomsskatt.
Du er skatteytaren sin Ingemar Stenmark, der du har klart å køyra slalåm mellom alle hindra Finansdepartementet har sett framfor deg, og på den måten har du berga Byrkjelo Kraft.
TAKK!
Lars Petter Øye
Lars Petter Øye
Takk for den fantastiske innsatsen Lars Petter har bidrege med i Småkraftforeninga dei åra han sat i styret. Lars Petter er ungdommeleg, sprek, positiv og alltid arbeidsam. Han er kunnskapsrik og klok, lyttande og reflektert. Han er alltid godt førebudd til saker. Lars Petter er ein samfunnsengasjert mann som heile tida prøver å gjera det bra for sine medborgarar.
Lars Petter har vore ein av fagpersonane i styret. Han kan alt som har med nettet å gjera. Lars Petter veit at nettet er som blodsystemet vårt. Me veit alle kva som skjer om ikkje det er velsmurt.
I tillegg har han eit enormt engasjement for å få i gong hydrogenproduksjon. Han har vore sjølve katalysatoren i hydrogenprosjektet på Hellesylt, og no står dette på eigne bein.
TAKK!
Då vil eg også ynskja dei nye som har kome inn i styret, Dagfinn Birkeland frå Sauda og Oddbjørn Brunstad frå Sykkylven, velkomen. Dette er to veldig kunnskapsrike, engasjerte og stødige personar som har vore med i bransjen i mange år. Dei har eit stort nettverk som vi kan dra nytte av i vårt arbeid framover.