Minneord over Lars Petter Øye

(18/03/2021) Det var med sjokk og vantru at me i småkraftnæringa tok imot dødsbudskapen om at tidlegare mangeårig styremedlem i Småkraftforeninga, Lars Petter Øye gjekk bort den 12.mars. Våre tankar går til den næraste familie.

Vi opplevde Lars Petter som eit engasjert og engasjerande medmenneske, som alle hadde den største respekt til. Lars Petter valde å trekka seg frå styrevervet no i haust. Han var kunnskapsrik og følgde godt med i det som skjedde rundt han, både lokalt og nasjonalt. Dette viste han bl.a. ved sitt engasjement i Foreningen Norden der han var ein drivande lokallagsleiar for Ørsta og Volda. Han var levande opptatt av samfunnsutvikling på alle nivå, og det grøne skifte stod han svært nær.
Lars Petter var ein fagmann som hadde mykje av sitt yrkesaktive liv innanfor energisektoren. Han tala alltid stolt over denne næringa, og kor viktig den hadde vore, og er i samfunnet vårt.
Lars Petter var ein som aldri sa nei til oppgåver. Han tok fatt på oppgåvene med største iver og alvor, som då Lars Petter var ein av initiativtakarane til å sjå på moglegheit for å produsera hydrogen frå småkraftverk i Hellesylt. Det fornybare hydrogenet skulle brukast i ferjetrafikken i verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger.
Lars Petter stilte alltid opp godt førebudd til møter og engasjement han deltok på gjennom foreininga. Han representerte bl.a Småkraftforeninga på høyring i transportkomiteen på Stortinget.
Lars Petter blåste også liv i den lokale Småkraftforeininga i Møre og Romsdal ved at han fekk arrangert fleire lokalmøte med ymse tema.
Lars Petter var stolt over heimstaden sin, Ørsta, og brukte språket sitt med byrgskap i god Ivar Aasen ånd! Lars Petter var glad i den mektige sunnmørsnaturen som omkransa han og han brukte den flittig til rekreasjon.

Dei gamle fjelli (Ivar Aasen)

Dei gamle Fjell i Syningom
er alltid eins aa sjaa,
med same gamle Bryningom
og same Toppom paa.
I Bygdom byggja Sveinarne,
og Huset stender laust;
men dei gamle Merkesteinarne
dei standa lika traust.

Vi ber med oss mange gode minner etter Lars Petter!

Kvil i Fred!

Helsing frå styret og administrasjonen i Småkraftforeninga.
Lars Emil Berge, Geir Magnor Olsen, Egil Kambo, Frithjof Plahte, Dagfinn Birkeland, Oddbjørn Brunstad, Atle Støyva, Knut Olav Tveit, Øystein Grundt og Terje Engvik.

 



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog