På eigne bein etter tjue år

(31/03/2021) Han har vore borti over 300 småkraftprosjekt. No startar småkraftveteranen Bård Moberg opp på eigen hand.

Moberg Energi AS er eit nytt tilskot til fornybarnæringa. Selskapet er etablert av Bård Moberg som har vore nesten 20 år i næringa. Først som konsesjonssjef i Småkraft AS og dei siste tolv og eit halvt åra som Prosjekt- og utviklingssjef i Norsk Kraft AS, der han blant anna var med på å utvikla prosjekta som Obos Energi AS selde til Forte Vannkraft AS i mars 2020. Som ein del av dette har Moberg inngått rammeavtale med Forte Vannkraft for å vidareføre prosjekta han alt har jobba med i fleire år.

Moberg Energi AS tilbyr tenester innanfor utvikling, nettspørsmål, selskapsvurdering, tinglysing, revisjonar og konsesjon med meir. Moberg har stor tru på at vasskrafta vil være med å spele ei viktig rolle i åra som kjem.

-Rein norsk vasskraft vil være ein veldig viktig del av det “grøne skiftet” både som ein sentral del av satsinga på fornybar energi, og som ein viktig samfunnsressurs. Dette opplev eg også at samfunnet har innsett, så lenge dette skjer innanfor stor- og lokalsamfunnet sine premissar, og gjennom utvikling av vakker vasskraft, seier han til Småkraftaftnytt.

Du finn det nye selskapet på www.mobergenergi.no .

Billedtekst: Bård Moberg har nesten tjue år bak seg i småkraftbransjen.



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog