Endeleg FSE-kurs igjen – påmeldinga har opna

(08/07/2021) Etter lang korona-pause kan vi no møtest til FSE kurs igjen til hausten. Kursplanen er klar for 12 kurs kring i landet i september - oktober. Det er berre å melde seg på for å sikre seg plass i nærområdet.

Her er kursplanen:

Stad Vekedag Dato Frammøte
Stjørdal Tysdag 28.09.2021 Kl. 12.30
Vestnes Onsdag 29.09.2021 kl. 12.30
Ørsta Torsdag 30.09.2021 kl. 10.30
Sogndal Tysdag 05.10.2021 kl. 12.30
Sandane Onsdag 06.10.2021 kl. 12.30
Skei Torsdag 07.10.2021 kl. 09.30
Førde Torsdag 07.10.2021 kl. 17.00
Odda Tysdag 12.10.2021 kl. 12.30
Sand Onsdag 13.10.2021 kl. 12.30
Tau Torsdag 14.10.2021 kl. 12.30
Tonstad Tysdag 19.10.2021 kl. 12.30
Oslo Torsdag 21.10.2021 kl. 12.30

 

Kursa startar med enkel servering og kursstart ein halv time seinare. Vert det trong for fleire kurs, vil Småkraftforeninga supplere planen. Småkraftforeninga reknar med stor interesse for kursa etter at det ikkje vart arrangert kurs under pandemien i fjor. I 2021 er det også mange småkrafteigarar som har trong for å fornye elsikkerheitsopplæringa si etter 3 år. Denne elsikkerheitsopplæringa er det krav om at småkraftvakter må ta kvart tredje år så sant dei skal ha lov til å handtere vern og brytarar.

Instruktør er Dagfinn Nilssen frå Fagkurs Elektro. Kursopplegget er som tidlegare på ca. 3, 5 time inklusive øving i fyrstehjelp. På nokon av kursa vil ein også kunne møte Småkraftforeninga sine samarbeidspartnarar. Kursa er opne for alle interesserte, men med føretrinnsrett for medlemmer i Småkraftforeninga.

Påmelding/ info: Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, e-post: terje@smakraftforeninga.no, tlf. 975 17 111

Foto: Instruktør Dagfinn Nilssen overvaker fyrstehjelpsøving på eit av dei fyrste FSE-kursa Småkraftforeninga arrangerte.



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog