Vel møtt i Bergen til hausten

(08/07/2021) Me ser no slutten av pandemien nærma seg. Vonleg kan Småkraftdagane i Bergen 8. – 10. november gå meir eller mindre som normalt. Det trur eg ein samla småkraftbransje ser fram til, skriver styreleiar Lars Emil Berge i denne kommentaren.


Sidan sist har mykje vatn passert turbinane på veg mot havet. Kven kunne i Molde i mars 2019 ane at Sanderud-utvalet skulle foreslå å gje oss ein grunnrenteskatt som ville slå heile bransjen konkurs? Eller at kraftprisane i 2020 skulle bli så låge at sjølv solide småkraftverk fekk andenaud og måtte gå til banken med lua i handa? Og at me på hausten skulle få bod frå Brussel om at EU ikkje ville at me skulle byggje småkraftverk?

Av og til kan det synest som om utfordringane står i kø for småkrafta. Men som regel ordnar det seg. Kraftprisane er gode. Me fekk ikkje grunnrenteskatt, og EUs Taksonomi vert mest sannsynleg til å leve med. Kraftprisane rår me ikkje med, så der er det opp til Vårherre. Men grunnrenteskatten og taksonomien kravde sitt av både arbeid og bekymring.

I fjor hadde Småkraftforeninga årsmøte på Microsoft Teams. I år kryssar me fingrane for fysisk møte før festmiddagen 9. november på Quality Hotel Edvard Grieg. Då er det også på tide å feire oss sjølve. Sidan småkraftrevolusjonen starta tidleg på 2000-tallet har me lagt til rette for å bygge ut 9,5 TWh ny fornybar kraft! Då har eg teke med dryge 2 TWh med konsesjon som enno ikkje er bygd ut. Me i småkrafta utviklar store lokale verdiar. Og ikkje berre det. Me gjer det på ein fornybar og berekraftig måte som bidreg tungt til det grøne skiftet. Det skal me vere stolte av.

Eg vonar å sjå flest mogleg av dykk på Småkraftdagane til hausten!

Lars Emil Berge

Styreleiar

Småkraftforeninga



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog