– Her må du vere om du skal henge med på det som skjer i bransjen. I år møtest me på Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli ved lufthamna på Flesland like utanfor Bergen, seier dagleg leiar i Småkraftforeninga Knut Olav Tveit.
Saman med staben i foreninga har han planlagt eit fyldig program.
Det vert også ein eigen temabolk om generatorskadar samt FSE-kurs.
Småkraftdagane har dei siste åra samla vel 400 deltakarar samt 60 utstillarar av utstyr til småkraftbransjen.
Det er opna for å bestille stand for utstillarane. Informasjon ligg her.
Klikk her for å bestille hotell og melde deg på Småkraftdagane
Småkraftforeninga vil til ei kvar tid fylgje dei gjeldande smittevernreglane under arrangementet.
Vel møtt til fagleg påfyll og nettverksbygging i Bergen.
Hovudsponsor Småkraftdagane 2021: