Etter fleire utsettingar er vi endeleg i gang igjen. I starten av november samlar vi alle som har interesse for småkraft til messe på Quality Hotel Edvard Grieg utanfor Bergen.
I denne linken kan du både bestille hotellrom og deltaking på messa. Hugs å krysse av for dagpakke dei dagane du skal vere på hotellet.
Småkraftdagane er sjølve høgdepunktet i året for dei fleste småkraftinteresserte. Da møtest fagmiljø, leverandørar, politikarar, utbyggjarar og gjester i tre dagar for å utveksle siste nytt i bransjen.
Småkraftdagane vil gå av stabelen på Quality Hotel Edvard Grieg der vi er vore før og er godt kjent. Dette er eit stort og flott hotell med rikeleg plass til utstillarar.
Fyldig program
Småkraftdagane har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag har me tema som politikk, kraftprisar, økonomi, hydrologi / klima og lokal forankring av fornybar kraftproduksjon. Onsdag ser me mellom anna på generasjonsskifte i småkraftverk og konsekvensane EU-taksonomien kan få for finansiering av nye og eksisterande småkraftverk.
Småkraftdagane har dei siste åra samla vel 400 deltakarar og 60 utstillarar av utstyr til småkraftbransjen.
Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 50-60 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.
Tur til destilleri
Utover det faglege har vi i tråd med tidlegare års arrangement også lagt opp til eit variert sosialt program. Måndag kveld har vi utflukt til Bareksten Spirits (gin-destilleri) på Flesland med omvising og prøvesmaking og etterfølgjande enkel middagsbuffet på hotellet.
Tysdag kveld blir det bankett på hotellet med underhaldning og utdeling av småkraftprisen.
Vil du vere utstillar så klikk her for informasjon og bestilling av stand