Etter 3 år sidan førre kursrunde og etter halvtanna år med koronarestriksjonar er det no stor interesse blant småkrafteigarane for å få dokumentasjonen på krava som DSB stiller til elsikkereitsopplæring for småkraftvaktar i orden. Som kjent skal alle småkraftvaktar som skal kune handtere vern og brytarar, ha dokumentert opplæring for instruert personell i orden. I utgangspunktet er det generelle kravet årleg opplæring, men Småkraftforeninga har oppnådd aksept for at 3-årig opplæringfrekvens for småkraftverk i ein normal driftsfase kan tilfredsstille sikkerheitskrava.
Kursserien i haust tek til med kurs i Stjørdal den 28. september. Så vert det kursaktivitet sørover langs Vestlandet dei kommande 4 vekene med kurs på desse plassane: Vestnes, Ørsta, Sandane, Skei, Førde, Sogndal, Odda, Sand, Tau og Tonstad. Kursserien vert avslutta med kurs i Oslo-området den 21. oktober. I tillegg til dette vil det også bli tilbod om FSE-kurs under Småkraftdagane i Bergen den 10. november. Ved stor pågang kan det vere mogleg å få til ekstrakurs. Kursa er primært retta mot medlemmer, men også andre kan delta så langt det er ledig plass. Varigheit er 3,5 time med enkel servering før kursstart.
Vil du vite meir om kurstilbodet, eller melde deg på eit kurs, kontakt:
Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje@smakraftforeninga.no
Foto: Instruktør Dagfinn Nilssen frå Fagkurs Elektro heldt FSE-kurs under Småkraftdagane i Bergen for 3 år sidan.