Kurstilbod på Småkraftdagane: Internkontroll og elsikkerheit

(10/10/2021) Småkraftdagane i Bergen 8. - 10. november er spekka med interessante fagtilbod for småkraftfolk. Ein kan melde seg på ein, to eller tre dagar. Siste dagen er det tilbod om fagleg oppgradering på kurs. Etter lunsj kan ei i tillegg til ein sekvens om generatorskadar velje mellom kurs i ny versjon av internkontrollsystemet Kraftlosen og FSE-kurs for småkraftvaktar.

Ein melder seg på kursa som ein del av påmelding til Småkraftdagane, som byr på eit variert og allsidig program. Det startar med NVE-dagen måndag 8. november med tilbod om utflukt til det prisbelønte gin-destilleriet Bareksten Spirits etter at fagprogrammet er ferdig. Tysdag 9.11 er hovuddagen med fag, politikk, årsmøte og bankettmiddag med Småkraftprisen. Siste dagen onsdg er det eit variert fagprogram om føremiddagen før sekvens om generatorskadar og kurstilbod etter lunsj.

Elsikkerheitsopplæring for småkraftvakter/ FSE-kurs: Dette kurset må alle småkraftvakter som skal kunne handtere vern og brytarar i kraftverket vanlegvis ta kvart tredje år for å tilfredsstille krava som DSB stiller. Kurset styrker sikkerheita til småkraftvaktene ved å ta føre seg tema som farar ved el-anlegg, regelverket i forskrifter og verneutstyr og gir samtidig praktisk opplæring i førstehjelp med hjerte- /lungeredning. Kurset er eit tilbod til dei som treng å fornye det etter 3 år og til alle småkraftvaktar som manglar dette kurset. Kurset under Småkraftdagane er siste sjanse for kurs i år etter ein distriktsserie med kurs som Småkraftforeninga arrangerer i september og oktober. Dei siste kursa i denne serien går i Odda 12. oktober, på Sand i Suldal 13. oktober, Tonstad i Sirdal 19. oktober og i Oslo 21. oktober.

Kurs i ny Kraftlosen: Omtrent samstundes som pandemien råka oss for fullt i mars 2020, vart det lansert ein ny og meir brukarvennleg versjon av Kraftlosen. Med pandemi og avlyste Småkraftdagar i 2020 har vi ikkje fått halde kurs i den nye Kraftlosen enno. Mange av brukarkraftverka har kome i gang med den nye versjonen av Kraftlosen ved sjølvstudium. Både desse brukarane, dei som enno ikkje har teke fatt i den nye versjonen og folk som vurderer eit nytt og betre internkontrollsystem får no tilbod om kursing i ny Kraftlosen under Småkraftdagane. Det er også ei kortare orientering om internkontrollsystemet i plenum om morgonen onsdag 10.11.

Spørsmål om kursa kan rettast til organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 975 17 111, e-post terje@smakraftforeninga.no.

 

Illustrasjon: Innloggingsbildet for ny web-basert Kraftlosen.

 

 



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog