Småkraftprisen 2021 til Bjarne Nereng

(11/11/2021) Under festmiddagen på Småkraftdagane i Bergen blei Småkraftprisen 2021 delt ut til Bjarne Nereng. Her kan du lese grunngjevinga frå styreleiar Lars Emil Berge.

Småkraftprisen for dette året går til ein person som har via livet sitt til turbinar og teikning og konstruksjonar av desse. Personen er 70 år, men «still going strong»

Han vaks opp i ei lita grend i Valdres som den midterste av tre søsken. Mora jobba som frisør, og faren var møbelsnekkar og treskjærar.

Han gjekk sin realskule og sitt Gymnas på Fagernes. Etter det bar turen til Trondheim og NTH, der han leverte diplomen sin i 1975. Dei var kun 5 stk som gjekk opp til eksamen dette året og det kom sensorar frå Kverner.

Sensoren tykte så mykje om denne kandidaten at han blei tilbydd jobb der, og jobba der om lag 3 år før ferda bar vidare til Hafslund enginering, der han bl.a jobba med ein annan kjend mann innan vår bransje, med namn Kjell Joa.

I 1987 bestemde denne personen seg for å starta for seg sjølv, og då er det alltid kjekt med eit kjøkenbord, og det blei i tida som kom ein viktig arbeidsplass. Får dette bordet selde han ingeniørtenester til kraftselskap.

I 1991 fekk me ei ny energilov og dette opna marknaden på ein heilt annan måte.

I 1992 starta han eit samarbeid med Vigo i Spania, der han selde teikningar som dei produserte etter.

Rundt 1998 byrja det å skyta skyta fart med småkraftbygging og særleg i området Jølster- Gloppen.

Vinnaren av småkraftprisen er ein av få som kan teikna både Kaplan, Francis og Peltonturbinar.

Han har teikna mellom 170-200 turbinar. Desse turbinane er ansvarleg for ein årleg produksjon på om lag 1,2 TWh. Det tilsvarar strauforbruket til om lag 60 000 husstandar, eller 128 000 personar. Det er like mange som det bur i Tromsø, Bodø og Haugesund til saman. Det er også 2,56% av befolkningen i Noreg.

Som dei fleste her i salen allereie veit så går prisen til Bjarne Nereng.



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog