Det er slik at når me blir eldre så blir blodårene våre trongare, og me klarar ikkje å utføra det arbeidet me klarte før, fordi blodårene ikkje maktar å få like mykje energi gjennom blodåresystemet. Dette kan skuldast ei innsnevring i blodåra. Kva gjer vi då? Jo når legen finn ut dette, ber det i hu og hast til sjukehuset og så set dei inn ein stent, og dermed kan cellene våre få tilført meir energi og me får gjort meir arbeid.
Om de samanliknar straumnettet vårt med blodåresystemet, så har det ein tilsvarande funksjon for landet vårt, som blodåresystemet har for kroppen vår.
Vi skal no elektrifisera mykje av landet. Bilar vi fylte bensin og diesel på, og som hadde skilt som byrja på SV, UR, BS, TS osv., erstattar me no med bilar som me fyller opp energi gjennom stikkontakten og som har skilt som byrjar med bokstavane EK, EL, EB, EC osv.
Båtar med fornybar energi skal i framtida erstatta fossil energi som framkomstmiddel til sjøs. Dette kan vera rein elektrisk kraft, eller ei eller anna form for hydrogen.
Denne energiomlegginga frå fossil til fornybar gjer at me også treng mykje ny industri til å bl.a. produsera batteri til bilar og båtar med elektrisitet som framkomstmiddel. Me treng hydrogenfabrikkar, datalagring osv. Samfunnet vårt er på veg til å bli elektrifisert.
For å få dette samfunnsmaskineriet til å fungera treng me elektrisk kraft og ein infrastruktur til å føra denne krafta fram dit den trengs.
Akkurat no har me litt for mange slike innsnevringar eller som det heiter på kraftspråket, flaskehalsar i straumnettet vårt. Me får ikkje straumen fram dit den trengs.
Vi har slike flaskehalsar innanlands. Bl.a. er det utfordringar ved Sognefjorden. Men kanskje den viktigaste årsaka ligg i Sverige ved at overføringa mellom sør og nord gjennom Sverige er for liten. I følgje Distriktsenergi vil denne flaskehalsen tidlegast bli utbetra i 2024.
Utan Statnett og deira fantastiske arbeid med sentralnettet hadde ikkje landet vårt sett ut som det gjer, men no når alt skal elektrifiserast treng me eit Statnett som meir enn nokon gong er heilt framme på foten.
Vi har sett dette tydlegare i løpet av året at Statnett ikkje klarar å få god flyt av straumen innanlands. Dette har gitt seg utslag i enorme prisskilnader mellom landsdelane, med til dels låge prisar i dei to nordlege prissonene, og veldig høge i sør. Det er no ein enorm auke i etterspurnad etter straum. Det er difor viktig at Statnett heile tida bør streva etter å liggja i framkant av utviklinga, og ikkje i etterkant som det kan sjå ut som dei no gjer.
Eg meiner det er svært uheldig at vi har fått eit todelt land når det gjeld straumprisar. Det er difor viktigare enn nokon gong å fiksa opp i desse flaskehalsane slik at me kan friskmelda landet vårt og gjera det klart for nye industrieventyr landet rundt.
Lars Emil Berge
Styreleiar
Småkraftforeninga