Mikrokraft i vinden som aldri før

(21/03/2022) Det er etter kvart blitt bygd mange småkraftverk i landet vårt dei siste 20 åra. Dei fleste som er bygd ligg på mini- og småkraftsegmentet. I takt med energimangelen og dei høge straumprisane er det no mange som lurer på kva dei får ut av den vesle bekken som renn nedover garden og forbi huset. Det skriv Lars Emil Berge i denne kommentaren.

Lars Emil Berge er styreleier i Småkraftforeninga. Lars Emil eig og driv et småkraftverk saman med naboane heime i Åkra i Kvinnherad. Til dagleg jobbar han mellom anna med mikro- og mindre minikraftverk. Det er ein slik maskin me ser han med her.

Eg jobbar sjølv med mikrokraft og kjenner på trykket kvar dag frå grunneigarar som ser på høve til å få realisert eit lite mikrokraftverk på eigedommen sin, og som gir nok straum til seg sjølv og litt til. Dei er alle ein del av ein tusenårig norsk tradisjon med å nytte eige vassfall til det beste for garden og samfunnet rundt. Samstundes er dei ein del av det moderne, grøne skiftet og ikkje minst dei signala som no kjem frå EU om energiborgarskap og fornybare, lokale energisamfunn.

Korleis kan ein gå fram for å finna ut kor mykje straum ein kan få ut av bekken?

NVE har eit kartverk som heiter http://nevina.nve.no/. Dette kan hjelpa oss å finna ut kor mykje vatn ein har tilgjengeleg i nedbørsfeltet.
Når ein har sett seg ut ein fin og roleg plass til å ha eit inntak så set ein markøren (vel punkt) på den kotehøgda som inntaket skal liggja på. Etterpå gjer ein det ein blir bedt om (føl oppskrifta) og då reknar kartverket ut eit nedslagsfelt i km2 og kor mykje middelavrenning som er tilgjengeleg i dette feltet i liter/sekund/km2.

For å finna ut kor mykje effekt ein då kan få ut av desse tala, kan ein gå inn her https://www.smakraftforeninga.no/kraftkalkulator/, eller ta kontakt med nokon som kan hjelpa deg til å finna ut kor mykje du kan produsera.

Kven gir løyve til å byggja mikrokraft?

Den normale prosessen som fører til løyve er at ein først søkjer NVE om ei konsesjonspliktvurdering. Om ein då får til svar at dette er eit konsesjonsfritt prosjekt, må ein søkja kommunen om byggjeløyve. Når formalitetane er på plass, kan ein starta bygging av inntaksdam, røyrgate og kraftstasjon. På slike små anlegg er det PE-røyr som er mest vanleg. På høgder frå 30 m og oppover kan ein nytta seg av peltonturbinar. For lågare fall er det vanleg med francisturbinar.

Mange har ofte eit sikringsskap på 63 A. Om ein byggjer eit anlegg på om lag 20 kW vil dette sikringsskapet kunne ta imot all effekten frå kraftverket. Har ein 80 høgdemeter, 35 l/sekund og eit røyr på 200 mm vil ein få ut litt i overkant av 20 kW.  Byggjer ein større enn det som ein kan ta inn gjennom sikringsskapet, må ein kopla seg til nettet, og då må ein ha ein avtale med det lokale nettselskapet om det er plass til dette i det eksisterande nettet.

Ved å byggja seg eit mikrokraftverk utnyttar ein ressurs på garden til å produsera sin eigen straum. Ein sparar også nettleige og andre avgifter ved å produsera straum til seg sjølv.
Berekningar me i Småkraftforeninga har gjort visar at det minst er eit potensial på 3000 nye mikrokaftverk i Noreg. Så om du ikkje har tenkt på det før, er kanskje no tida inne for å få tankane på gli mot å produsera sin eigen energi. Det meste tyder på at vi kjem til å ha høge energiprisar i landet i mange år framover, i alle fall i Sør-Noreg. Så lukke til med ein eventuell prosess.

Lars Emil Berge

Styreleiar

Småkraftforeninga

 

 

 



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog