Staten hjelper deg: Småkraft i skattemeldinga

(21/03/2022) Skattemelding for inntektsåret 2021 skal snart leverast. Det er svært viktig at Skatteetaten får ei korrekt utfylt skattemelding frå eigarane av småkraftverka, og at alle obligatoriske vedlegg er med

Det skriver skatteetaten i ein artikkel som me no publiserar i samband med skatteoppgjeret,

God medverknad frå rekneskapsførarar er også ein svært viktig faktor for korrekt utfylling med korrekte opplysningar i skattemeldinga. Skjemaene RF-1151 og RF-1152 er obligatoriske vedlegg for alle som eig kraftverk.

Fyll ut rett løpenummer

Det er spesielt viktig at eigaren fyller ut løpenummer – fire siffer – som representer den unike identiteten til kraftverket. Dersom kraftverket har løpenummer 6, så skal dette skrivast med 0006. Er løpenummeret 850, så skal det skrivast/utfyllast med 0850.

Eigaren/selskapet kan kontakte NVE på tlf. 22 95 95 95 eller e-post nve@nve.no for tildeling av løpenummer.

Dersom eigaren ikkje veit kva som er det korrekte løpenummeret til kraftverket sitt, kan dette finnast i databasen til NVE.

Eigedomsskattegrunnlag – RF-1151

Løpenummer fyllast ut i kolonne nr. 1 – hugs fire siffer. Her fører eigaren inn eigedomsskattegrunnlaget (ESG). ESG-verdien vert henta frå RF-1152 og saldogruppe G i RF-1084 (elektroteknisk) utrusting og overføringsanlegg), etter at frådrag er gjort for avskrivingar. ESG skal førast inn nedst i kolonne nr. 23. Dersom eigaren berre eig eitt kraftverk, så er det berre ei linje som skal fyllast ut. Den som eig fleire kraftverk må fylle ut med ei linje per kraftverk. Oppsummert er ESG kostprisen i kraftanlegget med frådrag for avskrivingar.

Også kraftverk under oppføring skal levere RF-1151. Men her treng ikkje eigaren å levere RF-1152, fordi avskrivingar er ikkje aktuelt for eit kraftverk som er under bygging. Det er investert kapital per 31.12 i inntektsåret som utgjer eigedomsskattegrunnlaget for kraftverk under bygging/- oppføring i RF-1151.

Lineære avskrivingar – RF-1152

RF-1152 er det skjemaet der eigaren skal foreta sine lineære avskrivingar i kraftanlegget. RF-1152 gjeld for driftsmiddel som skal avskrivast over 40 og 67 år. Skjemaet gjeld berre driftsmidlar som avskrivast lineært, og for påkostingar på slike driftsmidlar. Det skal leverast eitt skjema for kvart kraftverk og fylles ut ei linje for kvart driftsmiddel og for kvar påkostning.

Her skjer utfyllinga av løpenummer øvst til venstre i skjemaet – alle fire siffer. Det er også viktig å fylle ut dei andre rubrikkane øvst i skjema RF-1152.

Avskrivast over 67 år – dammar, tunnelar, rørgater (eksklusive rør) kraftstasjonar (inklusive atkomsttunnelar).

Avskrivast over 40 år – maskinteknisk utrusting i kraftstasjon, herunder turbinar, generatorar, rør, foring i sjakt/-tunnel, luker, rister og anna.

Kraftverk i fleire kommunar – RF-1156 

Alle kraftverk som går over fleire kommunegrenser skal også levere skjema RF-1156, for å halde styr på fordelingsnøkkelen mellom dei ulike kommunane.

Generelt vil manglande talverdi i ei kolonne/rubrikk der det skal stå ein verdi, føre til kontrollutslag på skattemeldinga. Dette betyr ekstra arbeid både for skattekontoret og for eigaren/rekneskapsførar, som kanskje må levere inn skattemeldinga ein gong til.

Når skattekontoret handsamar kontrollutslag i skattemeldingar som gjeld kraftverk, vert det alltid sendt kopi til rekneskapsførar og/eller revisor.

Avskriving på saldo – RF-1084

I skjema RF-1084 skal saldogruppe G førast, som er elektroteknisk utrusting og overføringsanlegg i kraftanlegget. Nedskriven saldo i gruppe G, kolonne 111 i RF-1084 vil også vere ein del av det totale eigedomsskattegrunnlaget.

Avskriving på saldo – til dømes

  • saldogruppe G per 31.12 har nedskriven saldo med kr 500 000
  • nedskriven lineær verdi i RF-1152 kolonne 22 er kr 4 500 000 av driftsmidla
  • beløpet kr 5 000 000 førast i kolonne 23 i RF-1151

Kr 5 000 000 vil utgjere det samla eigedomsskattegrunnlaget som kommunen kan skrive ut eigedomsskatt for.

Fleire lenker

Lineære avskrivingar skatteloven § 18-6 

Saldoavskriving skatteloven §14-41



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog