Dette er datoane for Teams-kursa i Kraftlosen:
Torsdag 31. mars kl. 20.00 – 21.30
Fredag 1. april kl. 09.00 – 10.30
Kurset er retta inn mot Kraftlosenbrukarar som har trong for ein repetisjon og gjennomgang av funksjonane i den nyaste versjonen av Kraftlosen. Men kurset kan også høve for dei som ynskjer å lære Kraftlosen å kjenne og vurderer å ta systemet i bruk.
Ynskjer du å delta på eit av kursa, eller har spørsmål om tilbodet, ta kontakt snarast med:
Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 97517111, e-post terje@smakraftforeninga.no