Ny runde med gratis Teams-kurs i Kraftlosen

(21/04/2022) Det var stor interesse for dei to Teams-kursa Småkraftforeninga heldt i månadsskiftet mars - april. Tidspunkta høvde ikkje for alle interesserte. Difor vil foreninga køyre nytt kveldskurs og dagkurs 26. og 27. april. Kurset høver både for Kraftlosen-brukarar som ikkje har kome skikkeleg i gang med den nyaste versjonen av Kraftlosen og for interesserte som vurderer internkontroll- og kvalitetssystemet Kraftlosen.

Kraftlosen tilfredsstiller dei krava tilsynsstyresmaktene NVE og DSB stiller til skriftleg internkontrollsystem for småkraftverk. Alle interesserte kan melde seg på til eit av kursa:

Tysdag 26. april kl. 20.00 – 21.30

Onsdag 27. aprilkl. 09.00 – 10.30

Teams-invitasjon til dei påmelde til kursa vil bli sendt ut på føremiddagen den 26. april. Ynskjer du å delta på eit av kursa, eller har spørsmål om tilbodet, ta kontakt snarast med:

Organisasjonsrådgjevar Terje Engvik, tlf. 97517111, e-post terje@smakraftforeninga.no

 



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog