Bli med på dagane du og!

(08/06/2022) Nå kan vi møtast til Småkraftdagane igjen. Måndag 29. til onsdag 31. august inviterer NVE og Småkraftforeninga til bransjens viktigaste møteplass 2022.

Lokaliseringa blir som i fjor sentral for småkraftfolk flest. Alle som har interesse for småkraft til samlast til messe på Quality Hotel Edvard Grieg utanfor Bergen. Og påmeldinga til Småkraftdagane og stand-bookinga opna 7. juni kl. 10.00.

Foto over: Småkraftnestoren Rein Husebø er fast inventar på Småkraftdagane. 

I denne linken kan du både bestille hotellrom og deltaking på messa. Hugs å krysse av for dagpakke dei dagane du skal vere på hotellet.

Klikk her for å melde deg på

Program finn du her.

Småkraftdagane er sjølve høgdepunktet i året for dei fleste småkraftinteresserte. Da møtest fagmiljø, leverandørar, politikarar, utbyggjarar og gjestar i tre dagar for å utveksle siste nytt i bransjen.

Fyldig program

Småkraftdagane har som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på innhaldet måndag. Tysdag har me tema som politikk, kraftprisar, flaskehalsar i nettet og småkraft og hydrogenproduksjon. Onsdag ser me mellom anna på mikrokraftverk, falleigeavtaler og generatorvedlikehald. Og det er tilbod om FSE-kurs og nettverkssamling for Kraftlosen.
Småkraftdagane har dei siste åra samla kring 400 deltakarar og 50-60 utstillarar av utstyr til småkraftbransjen.
Like viktig som fagprogrammet er det for mange å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 50-60 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.

Tur til øl-bryggeri

Utover det faglege har vi i tråd med tidlegare års arrangement også lagt opp til eit variert sosialt program. Måndag kveld har vi utflukt til 7 Fjell Bryggeri med omvising, ølsmaking og servering av «ølgryte»

Tysdag kveld blir det bankett på hotellet med underhaldning og utdeling av småkraftprisen.

Vil du vere utstillar så klikk her for informasjon og bestilling av stand

 

 



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog