Småkrafta bidreg i energikrisa

Vi er inne i ein krevjande energisituasjon i Noreg. Det er Europa og resten av verda også. Prisane på energi går stort sett til himmels dei fleste stader, men innad i landet vårt er det enorme prisskilnader på straum. I sør er straumprisane opp mot fleire kroner/kWh, mens dei nord for Sognefjorden og Dovre kun får nokre øre. Dette er svært uheldig.
Eit av verkemidla for å få ned prisane i sør, er å byggja ut meir fornybar kraft. Småkraftforeninga har fått laga eit notat som syner at det er eit restpotensial på om lag 17 TWh med småkraft. Dette er lågthengande frukt som lett kan realiserast.

-Utbygging av småkraftverk er en av de mest lavthengende fruktene vi har for økt kraftproduksjon, sier Ole Andre Myhrvold som sitter på Stortinget for Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker, Sp.

Om det skal vera nytte i utbygging nord for Sognefjorden treng ein raskt å få bygd ut betre nettsamband mellom landsdelane. I ei slik energikrise som vi no ser, treng vi å kopla landet betre saman, slik at vi kan utnytta heile energi-Noreg.
Småkraftutbygging gir enorme ringverknader rundt om i distrikta. Det blir lagt igjen store verdiar under utbygging ved at lokale entreprenørar blir nytta. Etter utbygging får falleigarane utbetalt fall-leige. Summen av dette blir til store verdiar lokalt og nasjonalt.
Det er bygd ut mange TWh med småkraft dei siste 20 åra, og det blir framleis bygd ut, men no treng ein å byggja ut endå meir som ein del av det å bli uavhengig av gass frå Russland.
Som NATO-sjef Stoltenberg så riktig seier det: No må ein betala for konsekvensane av sanksjonane mot Russland, men alternativet til å betala det som desse sanksjonane kostar, er å betala endå meir i framtida enn det vi no må betala. Han sa vidare at Ukraina betalar med mange liv kvar dag, mens vi betalar ein høgare pris for bl.a. energien vår. Så difor bør vi slutta å klaga seier Stoltenberg.
Putin prøver hardt å destabilisera Vesten. Difor er det viktigare enn nokon gong at vi i Vesten klarar å stå opp mot Putin og den ideologien han forfektar.
Vi i småkraftnæringa kan sjølvsagt ikkje løysa dette, men vi kan bidra med meir energi inn i marknaden, og vi kan få denne energien inn ganske raskt om forholda blir lagt til rette for det.
Småkraftnæringa blei difor veldig glad då Energi- og miljøkomiteen peika på oss for å koma med ny energi dei neste 10 åra. Ole Andre Myhrvold frå Senterpartiet skreiv dette i ein kronikk i Nationen den 17.06.22: «Utbygging av småkraftverk er en av de mest lavthengende fruktene vi har for økt kraftproduksjon. Kraftproduksjon som gir lokal verdiskaping og grunneiere et ekstra ben å stå på. Derfor er det bra at vi har fått på plass et bredt flertall som vil få fortgang på konsesjonsbehandlinga av småkraftverk.»
Dette er musikk i øyrene på småkraftnæringa. Vi byggjer for fullt no, og kan fortsetja med det etter kvart som konsesjonane kjem på plass. Dette til glede for samfunnet, men kanskje ikkje heilt etter kva Putin vil. Så la oss reisa oss saman mot Putin og byggja oss ut av klypa på den despoten.

Lars Emil Berge
Styreleiar i Småkraftforeninga