Småkraftdagane tilbake på våren

(22/12/2022) Småkraftdagane 2023 kjem til vanelg tid igjen og blir arrangert på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen 27-29. mars. Dette er eit stort og flott hotell med rikeleg plass til utstillarar der vi har vore dei siste to åra. Påmelding og standsalg startar 1. halvdel av januar 2023.

 

– Småkraftdagane er sjølve høgdepunktet i året for dei fleste småkraftinteresserte. Da møtest fagmiljø, leverandørar, politikarar, utbyggjarar og gjester i tre dagar for å utveksle siste nytt i bransjen. Nå er vi tilbake som før pandemien med arrangement i mars, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga.

Det blir som vanleg eit omfattande program der NVE har regien på delar av innhaldet måndag. Tysdag har me tema som politikk, kraftprisar, økonomi. Onsdag ser me mellom anna generatorskader og praktisk drift av småkraftverk.

Småkraftdagane har dei siste åra samla vel 400 deltakarar.

Vel så viktig for mange er å sjå kva som rører seg blant leverandørane til småkraftbransjen. Som alltid stiller ei rekke firma opp og viser det nyaste dei har å tilby i messeområdet på hotellet. Normalt er det 50-60 utstillarar som kjem for å møte nye og gamle kundar.

Sjå meir under menypunktet Småkraftdagane

 



Småkraftforeninga
Rådhusgata 17, 0158 Oslo

E-post: post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78

Blog Blog Blog Blog