Lokaliseringa blir som i fjor sentral for småkraftfolk flest. Alle som har interesse for småkraft til samlast til messe på Quality Hotel Edvard Grieg utanfor Bergen. Og påmeldinga til Småkraftdagane og stand-bookinga er no open.
I denne linken kan du både bestille hotellrom og deltaking på messa. Hugs å krysse av for dagpakke dei dagane du skal vere på hotellet.
Måndag kveld legg vi i år berre opp til sosialt samvær på hotellet. Det er tilbod om buffé – biffgryte med dessert – for dei som ynskjer det kl. 19.00 – 21.30. Bestilling skjer i lag med påmeldinga til Småkraftdagane. Elles vil restauranten også vere open for a la carte-servering. Ynskjer ein dette alternativet, er det ein fordel å bestille bord til hotellet på førehand.
Tysdag kveld blir det som vanleg bankett på hotellet med underhaldning og utdeling av småkraftprisen.
Vil du vere utstillar, finn du informasjon om det her
Velkomen til Bergen!